Hopp til innhald

  1. Home
  2. Restaurant- og matfag Vg1ChevronRight
  3. Kosthald og helseChevronRight
  4. KostrådChevronRight
  5. Kostråd- tips om smarte val i kvardagenChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Kostråd- tips om smarte val i kvardagen

Fire unge et middag ute i hagen. Foto

Viktige råd for ein lett, kvit livsstil med godt humør og god helse.

Et fargerikt!

Frukt, bær og grønsaker er den naturlege helseinvesteringa di. Forskinga finn stadig fleire stoff som vernar oss mot alvorlege sjukdommar i desse matvarene – særleg i dei med sterke og mørke fargar.

Drikk vatn, mjølk og litt vin!

Å drikke for mykje vatn går ikkje an … Det er ein myte at vatn bind seg til kroppen. Vatn er gratis, kalorifritt og kjempesunt! Hugs at kroppen din består av om lag 60 prosent vatn!

Du trenger også mjølk! Mjølk er blant mykje anna positivt den viktigaste kalsiumkjelda i kosten, noko du treng heile livet for å oppretthalde eim sterk beinbygnad. Det er då ikkje særleg hyggjeleg å ta kalsiumtablettar?

Vent 20 minutt: Er du mett?

Et godt råd når du skal passe vekta: Stopp å ete før du kjenner deg heilt mett! Mettheitskjensla kjem ikkje for fullt før etter om lag 20 minutt. Og det er jo dumt å bli meir enn mett!!

Ha tru på brød og poteter

Hald fast ved ”barnelærdommen” og et mykje og grovt brød! Og poteter til middag (helst kokte eller omnssteikte/ bakte) er magert og lett – passar supert inn i Kvit livsstil!

Kos deg med frukostegget!

Egget er symbolet på matglede! Og mat skal vere glede – først og fremst. Egg er det motsette av tomme kaloriar; egget hjelper deg med å byggje opp ein sunn og sterk kropp. Proteina i egget er av aller beste kvalitet for kroppen.

Jakta på nytt pålegg

Leit etter nye pålegg av kylling og kalkun i butikken! Dei har lågt kalori- og feittinnhald og mykje god smak! Ein del av den nye, kvite livsstilen din.

Kvit livsstil med pølser?

Ja, så lenge pølsene er laga av kylling eller kalkun, er dei magre og lette nok til å vere med i din nye livsstil! Kontroller kalori- og feittinnhaldet på pakkane og samanlikn med dei du åt tidlegare!

Kvit middag!

Rein filet av kylling har berre 1,1 prosent feitt, og rein filet av kalkun berre 0,5 prosent! Lettare blir det ikkje – så vel kvitt når du har wok, salat, pasta, pizza, taco, wrap, sandwich … eller søndagsmiddag med poteter og saus!

Kvit burgar?

Sjølvsagt, det er berre å lage din eigen av ”kvit kjøtdeig”, frå kylling og kalkun! Pass berre på kor mykje dressing du brker – elles går ”vinninga opp i spinninga”!

Læringsressursar

Kostråd