Hopp til innhald

  1. Home
  2. Restaurant- og matfag Vg1ChevronRight
  3. Kosthold og helseChevronRight
  4. KostrådChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgaver og aktiviteter

Planlegg, presenter og lag ein sunn lunsj

Bilete av eit par som forsyner seg frå lunsjbufféen på eit hotell. Foto.

Informasjon om oppgåva

Oppgåva er basert på ein case der du får beskjed om å lage og presentere ein sunn lunsjrett. De kan velje å invitere gjester eller rett og slett servere og presentere maten for kvarandre.

Alle hjelpemiddel er tillatne, men hugs å vere kritisk til kva for kjelder du vel oppskrifter frå.

Tidsbruk:

  • 1 time til å finne oppskrifter.
  • 1 time til å planleggje presentasjonen.
  • 1 kjøkkenøkt for å produsere maten, presentere og ete rettane.

Du kan jobbe på eiga hand eller i gruppe. Vurder dette saman med læraren din.

Case

Du er tilsett som kokk ved Monicas kjøkken. Måndag kjem det gjester som skal ha bevertning ved serveringsstaden. Desse gjestene er svært opptekne av sunt kosthald. Dei ønskjer dermed å få servert ein lunsj som er i tråd med det som blir rekna for å vere eit sunt kosthald.

  • Du som tilsett har denne dagen fått ansvaret for å lage til mat til desse gjestene. Maten skal serverast på ein buffé.
  • Før maten blir servert skal du presentere for gjestene kva du skal servere og kvifor du har valt å servere det du gjer.

Oppgåve

Teori

  • Finn ut kva vi meiner med eit sunt kosthald.
  • Finn oppskrifter på ein eller fleire sunne rettar.
  • Lag ein kort presentasjon der du fortel gjestene/medelevane dine kvifor denne retten er sunn.

Praksis

  • Bruk kreativiteten og kunnskapen din og råvarer som er aktuelle for sesongen til å lage til ein sunn og god lunsj.
  • Presenter retten din!

Læringsressursar

Kostråd

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter