Hopp til innhald

  1. Home
  2. Restaurant- og matfag Vg1ChevronRight
  3. Kosthald og helseChevronRight
  4. KostrådChevronRight
  5. KostrådChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Kostråd

To glade damer som sel fisk. Foto.

Helsedirektoratet har gitt ut råd til den norske befolkninga for å oppretthalde ei god helse og for å førebyggje livsstilssjukdommar. Ein tilrår at dei fleste, både barn, ungdommar, vaksne, ammande, gravide og eldre, følgjer desse råda.

Følg gjerne kostråda også ved høgare sjukdomsrisiko som høgt blodtrykk og hjarte- og karsjukdommar. Ved særskilde tilstandar (sjukdommar) må ein enkelte gonger få spesialkost.

Kostråda

  1. Ha eit variert kosthald med mykje grønsaker, frukt og bær, grove kornprodukt og fisk, og avgrensa mengder tilarbeidd kjøt, raudt kjøt, salt og sukker.
  2. Ha ein g​od balanse mellom kor mykje energi du får i deg gjennom mat og drikke, og kor mykje du forbruker gjennom aktivitet.
  3. Et minst fem porsjonar grønsaker, frukt og bær kvar dag (fem om dagen).
  4. Et grove kornprodukt kvar dag.
  5. La magre meieriprodukt vere ein del av det daglege kosthaldet.
  6. Et fisk til middag to til tre gonger i veka.
  7. Vel magert kjøt og magre kjøtprodukt. Avgrens mengda tilarbeidd kjøt og raudt kjøt.
  8. Vel matoljer, flytande margarin og mjuk margarin, framfor hard margarin og smør.
  9. Vel matvarer med lite salt, og avgrens bruken av salt i matlaginga og på maten.
  10. Unngå mat og drikke med mykje sukker til kvardags.
  11. Vel vatn som tørstedrikk.
  12. Ver fysisk aktiv i minst 30 minutt kvar dag.

Læringsressursar

Kostråd