1. Home
  2. Restaurant- og matfag Vg1ChevronRight
  3. Kosthold og helseChevronRight
  4. Ikke-energigivende næringsstofferChevronRight
  5. Mineral og sporstoffChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Mineral og sporstoff

Kokkar på kjøkkenet. Foto.

Mineralstoff er uorganiske stoff som kroppen treng i store mengder, til dømes kalsium og fosfat, og stoff som trengst i små mengder, til dømes jern, selen og sink. Dei siste kallar vi ofte sporstoff (mikromineral) fordi dei trengst i svært små mengder (spormengder).

Kalsium, fosfor, kalium, svovel, natrium, klor og magnesium er dei mineralstoffa som finst i størst mengd i kroppen. Deretter følgjer jern, men i relativt mykje mindre mengd.

Les meir: Mineral og sporstoffer

Det er fastsett eit anbefalt inntak av ei rekkje mineralstoff. For ein del mineralstoff kan høge inntak føre til uønskte helseeffektar og forgiftningssymptom. Det er derfor også fastsett øvre grenser for inntak for ein del mineralstoff

Tabell over anbefalt inntak av mineral og sporstoff

Mineral

Kalsium

Kalsium er heilt nødvendig for å byggje opp skjelettet og tennene, for at musklane skal kunne trekkje seg saman, for å overføre impulsar frå nervetrådar, og for at blodet skal koagulere. Kalsium er det mineralstoffet vi har mest av i kroppen. Mjølk og ost er særleg rike kjelder til kalsium. Vi treng vitamin D for å ta opp kalsium frå maten.

Fosfor

Omsetninga av kalsium og fosfor er nært knytt saman, og fosfat er forbunde med kalsium i skjelettet som kalsiumfosfat.

Kalium

98 prosent av det samla innhaldet av kaliumion i kroppen finn ein inne i cellene.

Kaliumion regulerer trykkskilnaden mellom innsida og utsida av celleveggene og saltbalansen. Det er særleg mykje kaliumion i bananer, grønsaker og poteter.

Natrium

Natriumion er også nødvendige for å oppretthalde ein normal trykkskilnad mellom innsida og utsida av celleveggene og er derfor nødvendig for salt- og væskebalansen i og utanfor cellene. Dei er også nødvendige for at muskel- og nervecellene skal fungere normalt, og for å regulere pH-balansen.

Magnesium

Magnesiumion fungerer saman med mange enzym og tek del i omsetninga av energi i kroppen, og i produksjonen av protein og arvestoff.

Sporstoff

Fleire av sporstoffa er livsnødvendige, det vil seie at mangel kan føre til sjukdom og i verste fall død. Det er vanleg å dele inn sporstoffa i to grupper; dei livsnødvendige, som jern, sink og jod, og dei giftige, som bly og kadmium.

Jern

Jernion er heilt nødvendige fordi dei både fraktar oksygen til cellene, og inngår i enkelte enzym som er nødvendige i energiomsetninga. Dei viktigaste kjeldene til jern er grovt brød og andre grove kornprodukt, kjøt, leverpostei og grøne bladgrønsaker. Vitamin C aukar jernopptaket frå maten.

Sink

Sinkion bidreg til å transportere karbondioksid frå cellene til lungene, dei inngår i omsetninga av fleirumetta feittsyrer, er viktige for immunsystemet, inngår i insulin, aktiverer enkelte enzym og fremjar sårheiling.

Jod

Jodion er viktige for å oppretthalde eit normalt stoffskifte, ettersom dei er med på å danne hormonet tyroksin i skjoldbruskkjertelen. Tyroksin er eit hormon som er med på å regulere energiomsetninga i kroppen.

Giftige sporstoff

Ei lang rekkje giftstoff som vi finn i ørsmå mengder i kroppen til alle menneske. Desse stoffa verkar vanlegvis ikkje inn på kroppen sin helsetilstand. Når konsentrasjonane stig, kan dei likevel påverke kroppsfunksjonane ganske markant.

Dei viktigaste giftige sporstoffa er kadmium, bly og kvikksølv.

Læringsressursar

Ikke-energigivende næringsstoffer