1. Home
  2. Restaurant- og matfag Vg1ChevronRight
  3. Kosthold og helseChevronRight
  4. Mat og kulturChevronRight
  5. Norsk mattradisjonChevronRight
  6. Samisk mat ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagstoff

Samisk mat

Reinsdyr som er bak et gjerde. Foto.

Det tradisjonelle samiske kosthaldet speglar av eit liv nært naturen. Jakt og fiske var ein viktig del av matauken, og den varierande tilgangen på råvarer gjennom årstidene påverka naturlegvis matvanane.

Matvarene måtte konserverast, og kjøt og fisk vart røykt, salta og tørka. Desse konserveringsmetodane blir framleis brukte i dag, men no blir det gjort meir for smaken si skuld.

Reinsdyr i samisk kosthald

Sidan reindrift var vanleg både blant kyst- og innlandssamar, var rein hovudingrediensen i kosthaldet for mange samar. Det var viktig å utnytte så mykje som mogleg av slaktet, og innmat, margbein og gumppus (blodkaker og blodpølser) blir framleis rekna som delikatesser i det samiske kjøkkenet. Både reinkjøt og annan kjøtmat vart eten kokt og steikt, og ein av dei mest kjende samiske matrettane, bidos, er ei kjøtsuppe kokt på mykje reinkjøt og lite vatn. Ein lagde smør og ost av mjølk, for også reinsimlene vart mjølka. Reinmjølk var eit verdifullt tilskot til kosthaldet på grunn av den høge feittprosenten.

Fisk i kosthaldet

Fisk vart også konservert, og tørka fisk vart ofte brukt i matlaginga. Av dei meir særeigne måtane å lage til fisk på kan vi nemne surfisk, laŋasguolli, som er gjæra fisk sydd inn i sauevom.

Plantar, korn og urter

Kvann og syregras var gode vitaminkjelder og smakssetjarar, og dei skal også ha vore brukte som medisin. Korn og andre grønsaker vart dyrka nokre stader, mens ein bytte til seg desse varene mot kjøt eller tørrfisk der tilhøva gjorde jordbruk vanskeleg. Pomorhandelen austover gav samane i nordområda bygg- og rugmjøl, eller såkalla russemjøl.

KjelderKaspersen, Ardis. 1997. Samisk mat og kultur. Oslo: Landbruksforlaget.Bongo, Marit. 2000. «Samisk mat år 2000». Stornes: Reinkjøtt-marked.Heile teksten er gitt att frå Sametinget.no og finst også på samisk.

Læringsressursar

Norsk mattradisjon

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter