1. Home
  2. Restaurant- og matfag Vg1ChevronRight
  3. Kosthold og helseChevronRight
  4. Mat og kulturChevronRight
  5. Norsk mattradisjonChevronRight
  6. Norsk mattradisjon: PotetChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Norsk mattradisjon: Potet

Poteta blei dyrka og eten i fleire tusen år i Andesfjella. Opphavleg kjem ho frå Peru og Chile. Poteta blei «oppdaga» då spanjolane kom til Sør-Amerika, og dei førte ho med seg tilbake til Europa i 1492.

Poteter av sorten raud gullauge i ein haug. Foto.

Ho blei ikkje teken i bruk med det same som grønsak i Europa, og det tok lang tid før ho blei verdsett. Poteta hadde eit svært dårleg rykte på seg, og i Frankrike meinte overklassen at smaken passa best for smaken og fordøyinga til underklassen. Somme meinte òg at ein blei spedalsk av å ete poteter. Som så mykje anna, måtte det dårlege tider til før ein begynte å setje pris på denne grønsaken.

Poteta blei redninga

Tidleg på 1800-talet er Noreg eit fattig land og kornhaustane slår feil fleire år på rad. Dette får store konsekvensar for innbyggjarane, og det er lite mat tilgjengeleg for dei fattige. Då måtte ein finne alternativ til korn og kornprodukt. Noreg og Irland er kanskje dei to landa som hadde størst utbyte av poteta. Begge landa var fattige og trong ei billeg alternativ matkjelde. Derfor ser vi òg mange oppskrifter på bruk av poteter i desse landa. Poteta blei altså redninga for svært mange i Noreg.

Spanske sjøfolk rekna poteta for å vere ei dårleg matkjelde, men god nok for sjøfolk. Poteta er rik på C-vitamin, og dette førte til at sjøfolka unngjekk skjørbuk, men denne samanhengen såg dei ikkje då.

Eit alternativ til korn og mjøl

Poteta blei etter kvart brukt som alternativ til korn og mjøl. Det vil seie at ein begynte å bruke poteter som ingrediens i ulike matrettar i staden for mjøl og kornprodukt. Døme på dette er potetsmør, potetkake, potetost og potet med sur mjølk. Vanlege folk åt kanskje potet til eitt til tre måltid i løpet av dagen. Poteta blei brukt til det meste, men for dei fattige var det nok berre potet som stod på menyen til alle måltid.

Bruksområde i dag

Poteta har framleis ein stor plass i det norske kosthaldet, og ho blir brukt i svært mange variantar. Mange oppskrifter frå 1800-talet blir framleis haldne i hevd, som til dømes potetkake, ulike middagsrettar med smør og poteter, spekesild med poteter. I dag reiser vi mykje meir og får stadig fleire impulsar frå andre land. Det har nok ført til at vi et noko mindre poteter i dag enn tidlegare.

Læringsressursar

Norsk mattradisjon

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter