Hopp til innhald

  1. Home
  2. Restaurant- og matfag Vg1ChevronRight
  3. Kosthold og helseChevronRight
  4. Mat frå andre kulturarChevronRight
  5. Islamsk matChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Islamsk mat

Bilete av ein utsalsstad for halalkjøt

Korleis vi stiller oss til dei forboda og påboda som religion gir, varierer frå person til person. Dette gjeld òg reglar for kosthald. Det er derfor store variasjonar i kosthaldet til medlemmer av same religion.

På supermarknaden har du kanskje sett mat, særleg kjøt eller fugl, som er merkt med halal. I vestlege land er ordet halal knytt til mat, og det viser til ein bestemt slaktemetode.

Halalkjøt må oppfylle fleire kriterium:

  • Dyret i seg sjølv må vere tillate i islam. Døme på dyr som er tillatne er okse, lam og kylling. Gris og rovdyr er ikkje tillatne.
  • Dyret må vere slakta på rett måte. Kveling, pisking eller skyting av dyr er ikkje akseptabelt. Dyret skal ifølgje islam sleppe å bli plaga unødig, og ein skal få dyret slakta på enklast mogeleg måte. Bedøving av dyret før slakting er greitt så lenge bedøvinga i seg sjølv ikkje drep dyret. Ein religiøs leiar, helst muslim, må vere til stades under slakting og be for dyret, og det skal vendast mot Kabal i Mekka når det blir slakta.

Det er berre tillate å ete kjøt som ikkje er halalslakta dersom ein elles risikerer å svelte i hel.

Ramadan

Rettruande muslimar praktiserer faste den niande månaden i den islamske kalenderen. Fasten blir skildra som ein avtale med gud, og er eit uttrykk for ei indre reinsing. Dessutan er dette ei prøve på lydnad og uthald. I lydfila kan du høyre om korleis ein avsluttar ramadan.

Fasten blir avslutta med ein stor id-fest. Då pyntar ein seg, gir kvarandre gåver og et eit festmåltid. Mange muslimar har fastedagar ut over ramadan.

Fråhald

Ein skal avstå frå handlingar som bryt fasten, det vil seie å ete, drikke, ha seksuelt samvær, røykje eller hamne i kranglar. Ein skal òg vere merksam på språket sitt. Ein skal unngå lege- og tannlegebesøk under ramadan slik at ein ikkje bryt fasten. Etter solnedgang gjeld ikkje fastereglane. Det blir tilrådd at ein et og drikk før daggry og bryt fasten ved solnedgang med dadlar og vatn før ein et eit kveldsmåltid. Dei fleste muslimske samfunn har også utvikla særskilde mattradisjonar knytt til fasten

Fritak frå faste

Gamle og kronisk sjuke slepp å faste dersom dette er til skade for dei. Unge menneske er også fritekne fram til dei kjem i puberteten, men dei kan faste dersom dei greier og ønskjer det. Gravide kan ta att fasten etter at barnet er født. Ammande mødre er også fritekne, og det same er reisande og menn i krig. Dersom dei ønskejr det, kan sjuke velje å halde ei fattig person med mat i staden for å ta att fasten seinare. Den som ufrivillig må bryte fasten under ramadan, gjer opp for dei dagene seinare ved å faste tilsvarande. Dette må skje innan neste ramadan.

Læringsressursar

Mat frå andre kulturar

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter