Hopp til innhald

  1. Home
  2. Restaurant- og matfag Vg1ChevronRight
  3. Kosthald og helseChevronRight
  4. Livsstil og helseChevronRight
  5. Livsstilssjukdommar del 2 – Kostplanlegging ChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgaver og aktiviteter

Livsstilssjukdommar del 2 – Kostplanlegging

bilete av lutefisk med tilbehøyr, poteter, ertestuing og steikt bacon. Foto.

I denne oppgåva skal du setje opp frukost, lunsj og middag til Anders, og gi han gode matlagings- og motivasjonstips.

Case

I den førre oppgåva kom du fram til kva for sjukdommar Anders kunne få. No har Anders bestemt seg for å starte eit nytt og betre liv, med mykje sunn mat og litt trening. Anders har fått eit nytt motto: ”Opp av stolen, opp og hopp; det vil gi ein betre kropp.“

Oppgåve 1

Du har fått i oppgåve å hjelpe Anders. Med utgangspunkt i kostsirkelen og kosthaldsråda, skal du setje opp forslag til:

  • tre forskjellige frukostar
  • lunsj i éi veke
  • torettars middag i éi veke

Sei litt om kvifor du meiner denne kostplanen er eit sunt og godt alternativ.

Oppgåve 2

Set opp kosttips som kan hjelpe Anders i den daglege matlaginga. Døme: I staden for smør og mjøl kan du bruke vatn og mjøl når du jamnar sausar og supper.

Oppgåve 3

Finn fram til faktaopplysningar som kan hjelpe Anders med å halde motivasjonen oppe. Døme: "Faren for høgt blodtrykk minskar når du et sunt og vel mat frå den grøne delen i kostsirkelen."

Læringsressursar

Livsstil og helse

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter