Hopp til innhald

  1. Home
  2. Restaurant- og matfag Vg1ChevronRight
  3. Kosthold og helseChevronRight
  4. Livsstil og helseChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Livsstilssjukdommar

Livsstilssjukdommar kan vi enkelt definere som alle sjukdommar som har samanheng med korleis ein person lever. Desse sjukdommane kjem dels av at menneska lever klart lengre i våre dagar, og dels måten av vi lever på, livsstilen vår.

Eldre ektepar går tur i parken. Foto.

Kjenneteikn for livsstilssjukdommar

Dette er sjukdommar som treng lang tid for å utvikle seg, og når sjukdommen er etablert, er det vanskelig å blir frisk att. Samtidig er dette sjukdommar som vi i høg grad kan førebyggje eller forseinke gjennom å endre livsstilen vår.

Korleis kan vi førebyggje livsstilssjukdommar?

Dei viktigaste tiltaka er openberre. Vi må ete mindre og sunnare mat, bli meir fysisk aktive, slutte å røykje og ha eit moderat alkoholforbruk. Vi må òg avgrense forureininga og betre miljøforholda i samfunnet, på arbeidsplassane og i heimen.

Ideelt sett bør kosten bestå av 65 prosent karbohydrat, 15 prosent protein og 20 prosent feitt. I løpet av dei siste 50 åra har vi likevel endra matvanane våre slik at det meste vi i dag et er raffinert mat, raskt steikt mat med metta feitt, mat med høgt sukkerinnhald og mindre frukt og grønsaker. Dette har ført til at ein typisk kost i dag består av om lag 30 prosent karbohydrat, 10–12 prosent protein, 40 prosent feitt og 20 prosent sukker.

Forsking viser at eit høgt inntak av frukt, bær og grønsaker, grove kornprodukt og fisk kan førebyggje ei rekkje sjukdommar som type 2-diabetes, hjarte- og karsjukdommar, kreft og osteoporose.

Kanskje er auka fysisk aktivitet det aller viktigaste tiltaket mot livsstilssjukdommar. Den moderne sivilisasjonen har ført til at dagens menneske bruker kroppen vesentleg mykje mindre enn før. Vi er blitt passiviserte og inaktive. Ved å mosjonere regelmessig og bruke kroppen 30–60 minutt per dag styrkjer vi kroppen og forbruker kaloriar. På den måten avgrensar vi risikoen for overvekt, diabetes, hjarte- og karsjukdommar og beinskjørheit.

Framtidsutsiktene

Vi kjenner årsakene til livsstilssjukdommane, og alle blir vi stadig minna på kva vi kan gjere for å betre leveutsiktene våre. Likevel held utviklinga fram i feil retning. Dette er ei utfordring for kvar einskild av oss, men det er også ei samfunnsoppgåve der sentrale myndigheiter må setje i verk tiltak som stimulerer til sunnare liv.

Læringsressursar

Livsstil og helse

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter