1. Home
  2. Restaurant- og matfag Vg1ChevronRight
  3. Kosthold og helseChevronRight
  4. Livsstil og helseChevronRight
  5. Grunnleggjande behovChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Grunnleggjande behov

Med behov forstår vi noe vi trenger. Grunnleggende behov kjennetegnes ved at de er svært viktige for menneskets vekst og utvikling. En del av de grunnleggende behovene er behov for livsnødvendigheter, slik som mat, drikke og luft.

Ung mann og dame nyter en kopp kaffe ved vinduet på en kafe. Foto.

Ulike behov

Det finst ei mengd ulike måtar å forklare behov på. Sjølve ordet behov viser til noko vi treng. Eit døme kan vere at når vi er svoltne, treng vi mat elles blir vi slappe og uopplagde. Eit anna døme kan vere at ein liten baby treng å sove mykje for å greie å ta inn alle nye lydar og inntrykk. Dei ulike behova kan oppstå til forskjellige tider på dagen, men det som kjenneteiknar dei, er at vi treng dei.

Maslows behovspyramide

Abraham Maslow var ein amerikansk psykolog som er mest kjend for teorien sin om dei grunnleggjande behova til mennesket. Han meinte at behova må oppfyllast nedanfrå i pyramiden. Når dei fysiske behova er dekte, byrjar vi å søkje mot andre behov, og vi vert motiverte til å få desse dekt.

Maslows behovspyramide med ulike bakgrunner. Illustrasjon.
Maslows behovspyramide

Maslow delte dei grunnleggjande behova inn i fem hovudgrupper:

  1. fysiske behov
  2. behov for tryggleik
  3. sosiale behov
  4. behov for vørdnad
  5. behov for sjølvrealisering

Hugselappen

I Verdserklæringa om menneskerettane frå 1948 vart det slått fast at mennesket hadde rett til å få dekt grunnleggjande behov som mat, helse, utdanning og arbeid med eit menneskerettsleg innhald.

Utfordringar til deg

  1. For betre å kunne forstå kva Maslow meinte med behovspyramiden, kan du prøve å tenkje på dine eigne behov.Kva skjer til dømes med humøret ditt eller energien din viss du er veldig svolten eller trøytt? Kor opplagt er du da til å vere saman med venner? Eller korleis er sjansane dine til å yte noko i gymmen? Tenk igjennom kva som påverkar kroppen din, og kva som må til for at du skal føle deg tilfreds. Kva for behov må vere dekte hos deg for at du skal kunne klatre i Maslows behovspyramide?
  2. Teikn og forklar Maslows behovspyramide.
  3. Kva er eit behov? Lag ei liste over behova dine.Tenk deg at du skal vere eit år på ei øyde øy. Kva må du ha tilgang til eller ha med deg til øya? Del behova dine i tre grupper: livsnaudsynte, naudsynte og slikt eg berre må ha. Kor i Maslows behovspyramide vil du plassere dei ulike behova du har?
  4. Mange vil seie at dei må ha mobiltelfon og datamaskin. Dette er behov som ikkje fanst for 50 år sidan. Korleis har desse behova oppstått?
  5. Tenk deg at du skal byrje på ein ny arbeidsplass. Bruk Maslow til å forklare kva for behov du har i samband med arbeid.

Læringsressursar

Livsstil og helse

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter