Hopp til innhald

  1. Home
  2. Restaurant- og matfag Vg1ChevronRight
  3. Kosthold og helseChevronRight
  4. Livsstil og helseChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Karies

En tannlege som er klar for å se over tennene til en pasient. Foto

Karies eller tannròte er det same som "hol i tennene". Det er den mest utbreidde av alle tannsjukdommar. Karies oppstår når bakteriar som er naturlege i munnhola får næring, først og fremst som sukker.

Bakteriane spaltar sukkeret til syre, som tærer på tennene, og samstundes lagar bakteriane eit belegg på tennene som blir kalla plakk.

Det er i plakket syreproduksjonen går føre seg. Spyttet i munnen kan til ein viss grad nøytralisere syra, men jamne inntak av saftdrikkar, juice, brus, lettbrus og sportsdrikkar med låg pH mellom måltida gjer at den nøytraliserende funksjonen til spyttet blir svekka.

Førebygging

For å førebyggje karies er det viktig med regelmessig og godt tannstell slik at bakteriar og plakk blir fjerna, bruke fluor slik at tennene blir styrka, ete jamt, unngå små-eting mellom måltida, velje vatn som tørstedrikk mellom måltida og ha eit lågt inntak av sukker.

Korleis unngå hol i tennene

Læringsressursar

Livsstil og helse

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter