Hopp til innhald

  1. Home
  2. Restaurant- og matfag Vg1ChevronRight
  3. Kosthold og helseChevronRight
  4. Livsstil og helseChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Hjarte- og karsjukdommar

Mann som et salat. Foto

Hjarte- og karsjukdommar er ei samlenemning for ei rekkje sjukdommar i hjartet og i pulsårene i kroppen. Dei vanlegaste er hjartekrampe, hjarteinfarkt, hjerneslag og røykjebein.

Hjarte- og karsjukdommar er den hyppigaste dødsårsaka i Noreg. Menn er mest utsett, allereie frå 40–50-årsalderen. Det er færre kvinner enn menn som får hjarte- og karsjukdommar, og dei får det oftast seinare i livet.

Mat til personar med
hjarte- og karsjukdommar bør innehalde

  • mykje fisk, frukt, grønsaker og grove kornprodukt
  • magre meieri- og kjøtprodukt
  • feitt som kjem frå planteriket (oljer, plantemargarin, nøtter, avokado og oliven)
  • lite salt, sukker og alkohol

Hjarteinfarkt

Hjartet er ein sterk muskel som pumpar blod ut i blodårene, og som dermed syter for at blodet sirkulerer i kroppen. Hjartemuskelen sjølv får tilført næringsstoff og oksygen frå blodårer som ein finn utvendig på hjarta, dei såkalla kransarteriane eller koronararteriane. Eit hjarteinfarkt oppstår når ein slik arterie, eller ei sidegrein av han, blir blokkert av ein blodpropp. Blokkeringa fører til utilstrekkeleg blodforsyning og skade på ein del av hjarta.

Faktorar som gir risiko for å utvikle hjarteinfarkt:

  • røyking, som er den viktigaste årsaka til sjukdommen
  • høgt kolesterol
  • mangel på mosjon
  • høgt blodtrykk
  • stress
  • menn er generelt meir utsette enn kvinner

Hjerneslag

Hjerneslag oppstår når blodsirkulasjonen til hjernen blir forstyrra. Dette fører til tap av kroppsfunksjonar. Hjerneslag kjem vanlegvis av ein blodpropp (hjerneinfarkt) eller ei bløding i eit av blodkara i hjernen. Hjerneslag forårsaka av hjernebløding skjer i 10–15 prosent av tilfella, medan blodpropp i blodårer i hjernen (trombose) er årsaka i 80–85 prosent av tilfella. Symptoma kjem raskt og kan vere hjernelamming, lamming i arm, språk- og taleforstyrringar.

Faktorar som gir risiko for å utvikle hjerneslag:

  • høgt blodtrykk, tidlegare slag eller drypp
  • hjartesjukdom
  • diabetes type 1 og 2
  • aterosklerose

Blodpropp i leggen

Vener er blodårer som bringer blodet frå dei ulike veva og organa tilbake til hjarta. Djup venetrombose (DVT) er danning av blodpropp i dei store, djuptgåande venene i leggene, låra, bekkenet og arm- og skulderområdet.

Dersom ei vene er blokkert av ein blodpropp (trombe), hindrar dette straumen av blod tilbake til hjartet (sjå figur A). Området nedanfor blodproppen blir då fylt med blod og blodvatn, og det hovnar opp. Dersom blodproppen losnar og følgjer blodstraumen, hamnar han i lungene – då får vi ein blodpropp i lungene, ein lungeemboli (sjå figur B). Djup venetrombose er ei vanleg liding. Førekomsten aukar markant etter 50-årsalderen. Kvart år får om lag 2 av 1000 menneske over 50 år blodpropp i vener.

Faktorar som gir risiko for å utvikle blodpropp:

  • tidlegare beinbrot
  • infeksjonar eller operasjonar i løpet av dei siste fire vekene
  • tidlegare djup venetrombose
  • kreftsjukdom
  • overvekt
  • svangerskap
  • bruk av p-pillar
  • immobilisering

Læringsressursar

Livsstil og helse

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter