Hopp til innhald

  1. Home
  2. Restaurant- og matfag Vg1ChevronRight
  3. Kosthald og helseChevronRight
  4. Livsstil og helseChevronRight
  5. FolkehelseChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Folkehelse

Kollegaer et saman. Foto.

Med folkehelse meiner vi ei befolkning sin helsetilstand og korleis helsa fordeler seg i befolkninga. Folkehelsa i Noreg er betre enn nokon gong tidlegare.

I gjennomsnitt lever nordmenn lengre for kvart år, og får fleire gode leveår med god helse. Dette gjer at 60- og 70-åringar i dag har ein heilt annan helsesituasjon og forventa levealder enn den same aldersgruppa hadde for berre få tiår sidan.

Samstundes er samfunnet prega av store skilnader i helse og i forventa levealder. Den gode helsa er altså ikkje likt fordelt i befolkninga. Menn på Sagene i Oslo kan til dømes forvente å leve til dei blir 68 år, medan menn i bydelen Vestre Aker i snitt lever til dei er over 80 år. Dette kjem først og fremst av at menneske blir utsette for ulike risikofaktorar og vernefaktorar gjennom heile livet.

Verkemiddel i folkehelsearbeid

Folkehelsearbeid dreier seg i stor grad om korleis samfunnet medverkar til å svekkje risikofaktorane og styrkje vernefaktorane. Ein nyttar i hovudsak tre typar verkemiddel i folkehelsearbeidet:

  • Normative (lover, reglar og avtaler)
  • Økonomiske (avgifter, skattar, toll og subsidiar)
  • Pedagogiske (informasjon, rettleiing og opplæring)

Normative verkemiddel

Tobakksfri skule er sett i verk i alle videregåande skular og barne- og ungdomsskular i Noreg. Føremålet med å innføre tobakksfri skule er å verne barn og unge mot passiv røyking, gi dei ein tobakksfri oppvekst og førebyggje at barn og unge begynner med snus og tobakk. Mange føler press frå medeelevar i skuletida, og ved å innføre denne regelen kan vi sannsynlegvis oppnå at færre unge begynner med tobakk.

Økonomiske verkemiddel

Alkoholavgifta er eit døme på ei avgift som skal gjere alkohol dyrare og dermed redusere forbruket.

Skulemjølk (lettmjølk og ekstra lettmjølk) er subsidiert gjennom jordbruksavtalen. Ved at ein gjer mjølka billegare på skulen, håpar ein at fleire elevar skal drikke kvit mjølk på skulen. Andre mjølkeprodukt, som til dømes yoghurt, milkshake og sjokomjølk, er ikkje subsidiert.

Pedagogiske verkemiddel

I Noreg er mat og helse eit obligatorisk fag i grunnskulen. Føremålet er at alle elevar skal få opplæring om kva maten og måltida har å seie for helsa, slik at dei kan velje sunne alternativ. Dette kan vi sjå på som eit pedagogisk tiltak som sikrar at alle barn i Noreg får ein slik kompetanse. Når elevar på restaurant- og matfag skal lære om livsstil og helse er det for å sikre at alle som skal lage til og handtere mat skal vite kva som er bra for helsa.

Fagarbeidaren skal òg kunne gi nødvendig rettleiing til kundane sine. Til dømes skal servitøren kunne anbefale ein mager middag frå menyen, kokken skal kunne lage lunsj til ein person med type 2-diabetes, bakaren skal kunne bake eit brød som innheld mykje fiber og lite salt og konditoren skal kunne bake eit ”søtt” bakverk utan tilsett sukker. Butikkslaktaren skal kunne gi råd om kva for kjøtprodukt som er magre, og korleis kunden lett kan bruke råvara heime.

Merkeordningar som Nøkkelhullet og Brødskal’n er døme på pedagogiske tiltak for at kvar einskild forbrukar lettare skal kunne finne ut kva for matvarer som bør inngå i eit sunt kosthald.

Læringsressursar

Livsstil og helse

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter