Hopp til innhald

  1. Home
  2. Restaurant- og matfag Vg1ChevronRight
  3. Kosthald og helseChevronRight
  4. Livsstil og helseChevronRight
  5. Kost ved livsstilssjukdommar ChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgaver og aktiviteter

Kost ved livsstilssjukdommar

Overvektig person. Foto.

I denne oppgåva skal de arbeide både teoretisk og praktisk med kost til personar som har utvikla livsstilssjukdommar.

I oppgåve 1 skal de finne rettar som passar til den aktuelle livsstilssjukdommen, i oppgåve 2 skal gruppa lage ein presentasjon, og oppgåve 3 består av praktisk matlaging og presentasjon av kosten.

Klassen blir delt inn i grupper på 3–4 personar.

Desse kostane blir fordelte på gruppene:

  • kost ved hjarte- og karsjukdommar
  • kost ved diabetes
  • kost ved overvekt

Oppgåve 1 – teori

  • Finn to rettar som passar til eit måltid for brukarar som har den oppgitte kosten (for eksempel hovudrett + dessert, suppe + hovudrett eller hovudrett + brød).
  • Det må vere med grønsaker i måltidet.
  • Ver kreativ når du skal velje rett. Tenk nytt, og ikkje lag det du bruker heime kvar dag.
  • Lever inn oppskrift og bestillingsliste for fire porsjonar.
  • Planlegg korleis de vil anrette (leggje opp) retten.
  • Skriv ei arbeidsfordeling – éin person frå kvar gruppe skal vere med på å dekkje bord.

Oppgåve 2 – teori

Les deg opp på teori knytt til kosten, og lag ein presentasjon om kost til den aktuelle livsstilssjukdommen. Denne skal de framføre for klassen.

  • Kva type mat er tilrådd?
  • Står det noko i kostråda som du kan knyte opp mot denne kosten?
  • Kan ein få andre livsstilssjukdommar dersom ein ikkje følgjer retningslinjene?
  • Grunngi valet av dagens matrettar.

Oppgåve 3 – praksis

  • Lag matrettane, og dekk bordet.
  • Presenter alle gruppene sine rettar samla på eit buffébord, der dei blir merkte med den aktuelle kosten.
  • Framfør presentasjonane de laga i oppgåve 2.

Læringsressursar

Livsstil og helse

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter