Hopp til innhald

  1. Home
  2. Restaurant- og matfag Vg1ChevronRight
  3. Kosthald og helseChevronRight
  4. Livsstil og helseChevronRight
  5. AllergiChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Allergi

Allergi kjem av at immunsystemet reagerer unormalt eller for kraftig på stoff i mat, luft eller andre ting kroppen kjem i kontakt med.

Ung jente med røde hovne øyer.

Normalt er immunsystemet vårt laga slik at det produserer noko som heiter antistoff, som skal verne oss mot mikroorganismar. Hos allergiske personar vil slike antistoff bli danna og gå til angrep på harmlause stoff.

Ein allergisk reaksjon kjem av stoff som vert kalla allergen. Allergen kjem frå mange kjelder. Å vere allergisk betyr altså at ein reagerer på eitt eller fleire allergen. Kva for stoff ein reagerer på, og kor sterkt ein reagerer, varierer frå person til person. Nokre har så kraftig allergi at det hemmar normal livsutfalding. Menneske som ikkje er allergiske, reagerer ikkje på desse stoffa.

Kva er symptoma på allergi?

Vanlege symptom på allergi er

  • luftvegsplager med rennande nase og kløe i luftvegane. Hos nokre kan allergi utløyse astmatiske anfall
  • hudplager med utslett eller atopisk eksem
  • ubehag i fordøyingssystemet
Allergitest
Allergitest

Kven vert allergiske?

Allergiar er vanlege. Eitt av ti barn vil kunne ha symptom på astma eller eksem, og enda fleire har høysnue. I mange tilfelle dreier det seg om ein arveleg tilstand. Viss ein av foreldra har allergi, er sjansen ca. 50% for at barna vert allergiske. Er begge foreldra allergiske, aukar risikoen til ca. 75%. Men i 10-20% av tilfella med allergi er det ikkje allergi i familien.

Allergiar er som regel mest uttalte i barne- og ungdomsåra. I vaksen alder vert gjerne plagene mindre plagsomme.

Allergi kan vere ein alvorleg sjukdom

Dei fleste allergikarane har milde og moderate plager. For den det gjeld, kan dette likevel påverke livet i stor grad.

Nokre allergikarar får imidlertid svært sterke reaksjonar som i verste fall kan vere dødelege. Dette gjeld spesielt nokre matallergiar som kan føre til kveling. For desse personane kan også "berre lite grann" bli svært alvorleg.

Viss ein person er allergisk mot til dømes nøtter, skal dette takast alvorleg. Sjølv bitte små mengder nøtter i til dømes ei kake kan få svært alvorlege konsekvensar.

Kva er behandlinga?

Den beste behandlinga mot allergi er å unngå det ein er allergisk mot. Det vil seie å unngå å ha husdyr viss ein reagerer på desse, eller å unngå matvarer som utløyser allergiske reaksjonar. Pollenallergikarar kan redusere plagene ved å opphalde seg på stader med mindre pollen i pollensesongen.

Ei legeundersøking kan avdekkje kva for allergen som utløyser den allergiske reaksjonen hos ein person. Undersøkinga kan gjerast ved hudtestar der ulike allergen vert påførte huda, eller ved blodprøver.

Å unngå aktuelle allergen kan legge store avgrensingar på livet til allergikarar. Konsekvenser kan vere

  • å halde seg innandørs i pollensesongen. Det krev imidlertid ein del arbeid å halde innemiljøet fritt for pollen: Halde vindauge lukka, ikkje tørke tøy ute og ha godt reinhald i huset.
  • å ikkje kunne ete same mat som andre. Barn med matallergi må ofte ha med sin eigen mat i bursdagar.
  • ekstra hudpleie, som smøring med fuktkrem eller salve, dersom ein har utslett og atopisk eksem.
  • å unngå bruk av sminke eller smykke.

I tillegg kan allergiske reaksjonar dempast med medikament. Augedropar og nasespray kan lindre pollenallergi, og ulike salver lindrar eksem. Allergitablettar dempar allergiske reaksjonar i heile kroppen. Medisinane inneheld gjerne antihistamin, eit stoff som hemmar danninga av histamin i stamcellene.

Læringsressursar

Livsstil og helse

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter