Hopp til innhald

  1. Home
  2. Restaurant- og matfag Vg1ChevronRight
  3. Kosthald og helseChevronRight
  4. Livsstil og helseChevronRight
  5. Kva er god helse?ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Kva er god helse?

Kva er god helse for deg, og er god helse forskjellig frå menneske til menneske?

Et blått og et brunt øye

Helse er noko anna eller meir enn å vere fri for sjukdom, og mange forhold påverkar helsa vår. I det framtidige yrket ditt skal du arbeide i restaurant- og matbransjen. Kvifor må du ha god helse?

Er god helse det same for alle?

Kva vi ser på som god helse, avheng av ei rekkje faktorar:

  • alder
  • miljø
  • personlegdom

Undersøkingar viser at helse vert opplevd ulikt frå person til person. To personar som får den same skaden eller sjukdommen, kan oppleve det heilt ulikt. Den ene tilpassar seg kanskje, finn løysingar og meistrar kvardagen godt, mens den andre meiner at helsa er dårleg fordi skaden eller sjukdommen set grenser i kvardagen. Når du pratar med bestemor som fortel at ho har god helse, tenkjer du kanskje at du er ueinig, at du ville hatt dårleg helse om du var like dårleg til beins som ho.

Korleis vi opplever helse, er og avhengig av miljøet rundt oss og dei krava det set til oss. Til dømes vil

  • ein som bur i sjette etasje i eit hus utan heis, oppleve eit stivt kne heilt annleis enn ein som bur i første etasje
  • ein ballettdansar stille heilt andre krav til korleis kroppen skal fungere enn ein som arbeider på kontor

Kva påverkar helsa vår?

Mange forhold påverkar helsa vår. Livsstilen og korleis vi ivaretek dei grunnleggjande behova våre, betyr mye. Andre faktorar er og viktige, til dømes miljø, økonomi, buforhold og kor god tilgang vi har på helsetenester i kommunen der vi bur. Undersøkingar viser at utdanningsnivået og har betydning for helsa til den enkelte.

Kven har ansvar for helsa vår?

Vi har sjølv hovudansvaret for helsa vår. Livsstilen, korleis vi vel å leve, får betydning for korleis helsa blir seinare i livet. Byrjar du til dømes å røyjke som tenåring, merkar du helseskadane kanskje først som førti- eller femtiåring.

Samfunnet har og eit ansvar for å leggje forholda til rette slik at vi kan ta vare på helsa vår. Dette vert gjort på fleire måtar, blant anna ved

  • å informere om kva som er bra for helsa
  • å tilretteleggje miljøet slik at det blir best mogleg for helsa
  • forbod og påbod, til dømes forbod mot å kjøre med promille og påbod om bruk av bilbelte
  • å vedta eigne lovar, til dømes røykjeloven
  • å regulere prisar, som å leggje avgift på visse varer som alkohol, og subsidiere andre, til dømes mjølk.

Alle er ikkje i stand til å ta vare på si eiga helse. Barn treng omsorg og hjelp frå foreldra sine.

Kva kan vi gjere for å halde ved like ei god helse?

Det er mye vi kan gjere for å ha så god helse som mogleg, og det vi gjer som unge, er spesielt viktig fordi det legg grunnlaget for helsa seinere i livet.

Ein glad, kvinneleg kokk held ein tallerken klar til servering. Foto.
For å jobbe i restaurant- og matbransjen må du ha ei god helse.

Nokre råd:

  • Et sunt.
  • Ver fysisk aktiv.
  • Tenk positivt om deg sjølv.
  • Ha gode venner som du likar å vere saman med.
  • Få nok søvn.
  • Ha god hygiene.
  • Unngå tobakk og narkotika, og drikk lite alkohol.
  • Tenk ergonomi og bruk riktige arbeidsstillingar og -teknikkar.

Du kan sikkert forlengje denne lista sjølv.

Læringsressursar

Livsstil og helse

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter