1. Home
  2. Restaurant- og matfag Vg1ChevronRight
  3. Kosthold og helseChevronRight
  4. Livsstil og helseChevronRight
  5. OvervektChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Overvekt

Overvekt er ikkje ein sjukdom i seg sjølv. Mange opplever likevel høg kroppsvekt som eit problem, og den gjennomsnittlege auken i kroppsvekt i den norske befolkninga er venta å få konsekvensar for helsa og velferda i framtida. Derfor blir stadig meir merksemd retta mot dette problemet.

Badevekt

Kva er overvekt?

Det å definere overvekt kan vere vanskeleg. Når vi bruker omgrepa overvekt og fedme, meiner vi vanlegvis tilstandar der det er meir feitt på kroppen enn det som er ønskeleg.

For å klassifisere overvekt bruker vi BMI, som står for Body Mass Index. BMI er eit hjelpemiddel som kan gi oss ein peikepinn på om ein person er overvektig eller ikkje. Sjølv om det ser ut til å vere ein samanheng mellom BMI og sjukdomsrisiko, vil òg faktorar som kroppsbygnad og generell fysisk form spele ei rolle.

Kva er konsekvensane av overvekt?

Overvekt og fedme har både fysiske og psykiske effektar. Dei psykiske problema er knytte til sjølvbilete og eiga oppleving av å ikkje tilfredsstille krava samfunnet stiller til utsjånad, slik det blant anna blir framstilt i media. I tillegg kan overvekt setje grenser for fysisk utfalding. Det kan òg by på praktiske problem som for eksempel at klede ikkje passar, og at sko blir ubehagelege å ha på seg.

Overvekt og fedme ser òg ut til å ha noko å seie for den fysiske helsa. Fleire helseproblem aukar med aukande overvekt:

  • hjarte- og karsjukdommar
  • type 2-diabetes
  • gallevegssjukdom
  • visse former for kreft
  • pusteproblem om natta
  • leddplager og belastningslidingar
I filmen høyrer vi helsesøster informere om diabetes og overvekt.

Kva er årsaka til overvekt?

Årsakene til overvekt er samansette, men veldig enkelt kan vi seie at overvekt kjem av at vi tilfører kroppen meir energi enn han forbruker. Den viktigaste årsaka til at overvekt er eit aukande problem, er at vi er for mykje i ro både på jobben og i fritida. Få menneske har i dag hardt kroppsarbeid, og vi bruker mykje tid framfor datamaskina og TV-en. I forhold til kor lite fysisk aktive vi er, et vi for mykje og feil mat.

Dessutan spelar både arv, stoffskifte, hormon, psykologi, miljø og sosialøkonomi inn. Dette merkar vi ved at enkelte har lettare for å leggje på seg enn andre.

Korleis kan vi behandle overvekt?

Det viktigaste tiltaket mot overvekt er auka fysisk aktivitet. Dette oppnår ein ved å mosjonere i fritida, men òg ved å bruke kroppen meir i det heile. Å gå til og frå arbeid og skule og å gå i trapper i staden for å ta heis er eksempel på fysisk aktivitet i kvardagen. Eit anna viktig tiltak mot overvekt er å kontrollere kosthaldet. Både samansetnad og mengd er viktig for vekta.

Overvekt blir altså behandla ved

  • å auke energiforbruket ved å vere meir fysisk aktiv
  • å redusere energiinntaket ved å ete mindre og sunnare mat
  • å gjere begge delar

Vi kan dele inn behandlinga i to fasar:

  • Vektreduksjonsfasen – Energiinntaket er mindre enn forbruket.
    I denne fasen er det ideelle å tape mest mogleg feitt og minst mogleg muskelmasse og vatn. For å oppnå dette bør vektreduksjonen vere langsam. Da er det lettare å unngå motreaksjonar frå kroppen, som for eksempel svoltkjensle, noko som kan vere med å gi store vektsvingingar eller jojo-slanking.
  • Vedlikehaldsfasen – Energiinntaket er like stort som forbruket.
    I denne fasen er målsetjinga å unngå vektoppgang. Dette krev at energiinntaket er likt energiforbruket. Denne fasen er for mange spesielt vanskeleg, og mange treng råd om korleis dei skal klare å takle denne fasen.

Læringsressursar

Livsstil og helse

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter