Hopp til innhald

  1. Home
  2. Restaurant- og matfag Vg1ChevronRight
  3. Kosthald og helseChevronRight
  4. Livsstil og helseChevronRight
  5. EteforstyrringarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Eteforstyrringar

Eteforstyrringar er eit samleomgrep på fleire tilstandar eller lidingar med liknande karakteristika. Vi kjenner til at eteforstyrringar har eksistert i fleire hundre år og i ulike kulturar.

Spiseforstyrrelser (kollasje)

Anoreksi

Anoreksi (slankesjuke) er ein svært alvorleg sjukdom.
Han gir seg utslag i matvegring, og årsakene er ofte samansette. Trass i at pasienten er underernært, kan aktivitetsnivået vere høgt.
Redselen for å bli overvektig held seg, same kor mager ho eller han blir. Sjukdommen er livsfarleg, og det kan bli nødvendig med innlegging på sjukehus. Eit av dei største problema er at pasienten sjølv ikkje forstår at det kan stå om liv og helse. Behandlinga er ofte omfattande og tidkrevjande.

Bulimi

Bulimi (oksehunger) merkjer seg ut ved at personen får ustyrleg lyst til å ete, til vanleg mat som inneheld mykje energi og er lett å få i seg. Etinga blir ofte kamuflert. Mange som lir av bulimi, er også anorektikarar. For at dei skal greie å halde vekta nede, avsluttar dei måltidet med å framkalle oppkast, eller dei bruker avføringsmiddel eller vassdrivande middel. Matorgiane fører til øydelagd sjølvtillit og depresjonar. Sjukdommen er livstrugande. For bulimikarar som ikkje er anorektiske, kan sjukdommen føre til ekstrem overvekt.

Ortoreksi

Ortoreksi er ein ny type matproblem der pasienten har fått eit sjukleg forhold til trening og sunn mat. Fire av fem vestlege kvinner og éin til to av fem vestlege menn er så opptekne av kvaliteten på maten at amerikanske forskarar kallar det eit nervøst forhold til sunn mat. Sjukdommen har fått namnet ortoreksi og høyrer heime i same gruppa som anoreksi og bulimi. Personar lir av ortoreksi når tankar, kjensler og handlingar dreier seg om mat, kropp og vekt, slik at det går ut over livskvaliteten og funksjonsevna i kvardagen.

Kor mange har eit matproblem?

Så langt har vi nok vore mest opptekne av anoreksi og bulimi, sidan desse sjukdommane har vore mest framme i media etter at dei synte seg å vere vanlege innanfor idretten. Kvar femte jente innanfor norsk eliteidrett har eit matproblem, og i somme idrettsgreiner er kvar tredje utøvar ramma. Ortoreksi kan godt kallast ein livsstilssjukdom, og dei fleste forskarane er samde om at det ikkje er sunt at trivselen blir borte.

Læringsressursar

Livsstil og helse

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter