Hopp til innhald

  1. Home
  2. Restaurant- og matfag Vg1ChevronRight
  3. Kosthold og helseChevronRight
  4. Livsstil og helseChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Stress og stressrelaterte lidingar

Stress er eit uttrykk vi brukar ofte, utan at vi alltid har tenkt på kva det eigentleg inneber. Vi assosierer det med å ha mykje å gjere eller mykje å tenkje på. Dei fleste toler dette godt, men dersom vi er utsette for mykje stress over lang tid, kan det føre til helseproblem.

Stresset ung kvinne

Det at vi har evne til å bli stressa, er positivt. Kroppen førebur seg på det ekstra arbeidet ein utfordrande situasjon krev, og vi vert i stand til å yte litt meir når det trengst. Vi skjerpar oss når vi vert stressa! Stress i seg sjølv gjer oss ikkje sjuke, men det gjer derimot stress som vert for intenst eller pågår over for lang tid.

Det er vanskeleg å seie noko sikkert om samanhengen mellom stress og sjukdom. På trass av at det er ei utbreidd oppfatning blant folk flest at psykologisk stress fører til sjukdom, er ekspertane og forskarane meir usikre på denne samanhengen. Dette er det og vanskeleg å forske på fordi det vil vere etisk uforsvarleg medvite å utsetje menneske for alvorlege stressande opplevingar.

Ut frå korleis ulike grupper av menneske lever og den generelle førekomsten av sjukdommar, mistenkjer vi likevel at det kan vere ein samanheng mellom stress og sjukdom. Men det er store individuelle skilnader, og nokre kan ha det vi kallar eit stressa tilvere over lang tid utan å bli sjuke.

Kva er stress?

Psykisk stress kan oppstå på bakgrunn av svært ulike hendingar:

  • å pleie ein dement ektefelle
  • å miste nokon som står ein nær
  • tap av funksjonsevne
  • økonomiske sorger
  • ein for krevjande arbeidssituasjon
  • vanskelege etiske dilemma eller indre konfliktar
  • å vere seksuelt misbruka
Travel servitør på kafé. Foto.

Dei som arbeider i restaurant- og matbransjen, kjem gjerne til å oppleve at det er mykje å gjere, og at dette går på kostnad av kor god service dei kan yte til gjestene sine. Dette er ei stressande oppleving, og ho må handterast profesjonelt. Hjå enkelte kan dette føre til sjukdom.

Symptom

Det er naturleg å bli trøytt og å bli opplagt igjen etter å ha kvilt seg. Når vi derimot ikkje får kvilt oss, eller framleis er slitne etter å ha kvilt, kan det vere eit teikn på usunt stress. Følgjande kan og vere symptom på stress:

  • kjensleprega ustabilitet
  • trong til å gråte
  • manglande konsentrasjon
  • vedvarande dårleg form
  • irritabilitet
  • hjartebank
  • søvnvansker
  • magesmerter
  • hovudpine

Førebygging og behandling

Å førebyggje stress vil ikkje nødvendigvis seie å unngå stressande opplevingar. Det er kanskje korkje mogleg eller ønskeleg. Men å finne måtar å handtere slike opplevingar på som reduserer dei negative kjenslene, er viktig. Likevel vil regel nummer ein vere å prøve å gjere noko med den situasjonen som utløyser stresset. Andre tiltak kan vere:

  • arbeide med negative kjensler, blant anna ved å gi seg sjølv nok tid i til dømes ein sorgprosess
  • be om hjelp dersom dette kan lette situasjonen, til dømes ved store utfordringar
  • seie frå dersom forventningane frå miljøet er for store, til dømes i høve til omsorgsoppgåver
  • tenkje positivt og løysingsorientert
  • setje ned tempoet og fire på krava der det er mogleg
  • ta kontroll over situasjonen – meistring reduserer stress
  • søkje medisinsk hjelp om nødvendig
  • seie frå til din næraste leiar dersom du opplever jobbsituasjonen som uhandterleg
  • bruke pausar, feriar og helger til å kvile og gjere ting som gir avveksling og "påfyll"
  • ta ein "timeout" for å kvile skikkeleg ut

Det er viktig å vere føre var og ta tak i problema tidleg. Når ein person har opplevd stress over lang tid, kan vegen tilbake vere lang. Mange er lite flinke til "å lytte til kroppen" og kan stå for lenge i ein stressa situasjon. Dersom ein har utvikla sjukdom som følgje av stress, må desse sjølvsagt behandlast som dei sjukdommane dei er.

Jente ligger på gresset med prestekrage over det ene øyet. Foto.

Det er vanskeleg å seie noko sikkert om samanhengen mellom stress og sjukdom. Trass i at det er ei utbreidd oppfatning blant folk flest at psykologisk stress fører til sjukdom, er ekspertane og forskarane meir usikre på denne samanhengen. Dette er det og vanskeleg å forske på fordi det vil vere etisk uforsvarleg å utsetje menneske for alvorleg stressande opplevingar.

Stress kan føre til sjukdom på grunn av det som skjer i kroppen når vi er stressa. Stress fører gjerne til negative kjensler som angst og depresjon, og desse kjenslene fører til at hormonsystema i kroppen vert aktiverte.

Stress og depresjon

  • Det er rekna ut at 20-25% av menneske som opplever større stressfylte hendingar, vil utvikle depresjon.
  • Det er vist at auka stress og påverkar forløpet av ein depresjon - han vert meir langvarig, symptoma vert verre, og det kjem hyppigare tilbakefall.
  • Studiar viser og at stressfylte hendingar som opptrer samtidig med behandling, dempar effekten av behandlinga.

Stress og hjarte- og karsjukdom

Befolkningsstudiar viser at menneske som opplever mye stress, har auka risiko for hjartekarsjukdommar og død. Risikoen for å utvikle hjartekarsjukdom på lengre sikt er og auka blant friske personar som

  • opplever traumatiske hendingar, til dømes at eit barn døyr
  • er utsette for emosjonelt, seksuelt eller fysisk misbruk tidleg i livet
  • vert ramma av naturkatastrofar og krig

Personar som tidlegare har hatt hjartekarsjukdom, har auka risiko for ny sjukdom når dei opplever stress, er overarbeidde, har ekteskapsproblem eller er sosialt isolerte.

Stress og kreft

Eksperimentelle studiar på dyr har vist at stress gjer sitt til oppkomst, vekst og spreiing av visse svulsttypar.

Stress og andre sjukdommar

Det synest å vere klar samanheng mellom HIV/AIDS og stress. Andre tilstandar der prova for samanheng er aukande, er hos pasientar med øvre luftvegsinfeksjonar, astma, herpesinfeksjonar, autoimmune sjukdommar og sårgroing.

Læringsressursar

Livsstil og helse

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter