Hopp til innhald

  1. Home
  2. Restaurant- og matfag Vg1ChevronRight
  3. Kosthald og helseChevronRight
  4. Livsstil og helseChevronRight
  5. KreftChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Kreft

Kollasje som viser forskjelige livsstil som øker risikoen for kreft

Ukontrollert cellevekst

Kreft er ukontrollert vekst og spreiing av celler. Det dreier seg ikkje om éin sjukdom, men om ei gruppe sjukdommar med eit felles kjenneteikn at kroppen har mista kontrollen over celledelinga.

Ukontrollert celledeling - kreftceller

Kva er årsaka til kreft?

Framleis er det uvisst kva for årsaksfaktorar som ligg til grunn for til dei fleste kreftsjukdommane. I staden for å bruke ordet årsak snakkar vi derfor ofte om kva som kan gi auka risiko. Forsking har vist at miljø, arv og livsstil er nokre faktorar som kan auke risikoen for visse kreftformer.

Tobakksrøyking er den viktigaste kjemiske årsaka til kreft og er ein vesentleg faktor ved kreft i tunga, svelget, matrøyret, livmorhalsen og urinblæra. Sollys er den viktigaste strålingskjelda og speler ei sentral rolle i utviklinga av hudkreft. Det er likevel ikkje slik at alle som blir utsette for desse kreftframkallande faktorane, får kreft. Men nokre av oss er meir sårbare enn andre på grunn av nedarva, genetiske forhold.

Korleis er leveutsiktene ved kreftsjukdom?

Tidleg diagnose og behandling er heilt avgjerande for prognosen. Dessverre er det slik at dei fleste kreftsjukdommane utviklar seg i det stille. Når kreften omsider gir symptom, er han komen så langt at han ikkje lèt seg stoppe. I dag finst det helsekontrollar som har som mål å kunne stille kreftdiagnosen tidlig, som for eksempel:

  • celleprøvar for å påvise livmorhalskreft
  • mammografi for å finne tidleg brystkreft
  • undersøkingar av blod i avføringa kan vise seg å vere nyttig i jakta på tjukktarmskreft

Betre diagnostikk, til dømes CT og MR, gjer at kreft nokre gonger kan påvisast på eit tidlegare stadium, og dermed blir moglegheitene til å fjerne kreften betra. Dei følgjande nye behandlingsprinsippa har betra utfallet for ein del kreftsjukdommar:

  • nye medisinar
  • betre operasjonsmetodar
  • meir formålstenleg strålebehandling
Palliativ behandling

Òg ved ulækjeleg kreftsjukdom kan ein i dag tilby betre behandling enn før. Smerter og anna ubehag kan behandlast tilfredsstillande med smertestillande og symptomdempande middel. God ernæring medverkar òg til å betre livskvaliteten.

Læringsressursar

Livsstil og helse

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter