1. Home
  2. Restaurant- og matfag Vg1ChevronRight
  3. Kosthold og helseChevronRight
  4. Livsstil og helseChevronRight
  5. DiabetesChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Diabetes

Diabetes oppstår når insulinproduksjonen ikkje fungerer som han skal. Han kan stoppe heilt opp eller vere for liten i høve til mengda sukker i blodet. Det kan òg hende at det insulinet som vert produsert, verkar for dårleg.

Insulin

Førekomsten av diabetes i befolkninga aukar – særlig type 2-diabetes. Årsakene til diabetes er uklare. Ein trur at ein arveleg faktor aukar risikoen for å utvikle sjukdommen, men også at livsstilen speler ei stor rolle.

Helsesyster informerer

Diabetes er ein kronisk sjukdom som kjem av at kroppen ikkje produserer hormonet insulin – eller at det insulinet som kroppen produserer, verkar dårleg. Dette kallar vi også insulinresistens.

To typar diabetes

Det finst to typar av denne sjukdommen: type 1 og type 2. Vi får helst type 2-diabetes i vaksen alder, og vi kan i stor grad behandle han med riktig kosthald. Vi ser på type 2-diabetes som ein livsstilssjukdom, og førekomsten aukar. Vi reknar med at mange har sjukdommen utan å vite om det – dei er udiagnostiserte.

Type 2-diabetes blir ofte kalla ikkje-insulinavhengig diabetes.

Type 1-diabetes er avhengig av insulin, som må tilførast gjennom injeksjonar eller insulinpumpe.

Risikofaktorar

  • nær familie med diabetes
  • usunt kosthald med mykje feitt og høgt innhald av raske karbohydrat
  • uregelmessige måltid
  • lite fysisk aktivitet
  • røyking
  • overvekt
  • høgt blodtrykk
  • alder

Å leve med type 2-diabetes

Dei fleste lever godt med type 2-diabetes, men det krev litt disiplin. Ein må

  • ete regelmessig
  • måle blodsukkeret regelmessig
  • ta medisin som lege skriv ut
  • vere fysisk aktiv
  • unngå mat med raske karbohydrat og mykje metta feitt.

Føling

Personar med diabetes kan få føling. Føling oppstår når blodsukkernivået blir for lågt. Det kan kome av at ein har

  • ete for lite
  • drukke alkohol
  • drive for hard fysisk aktivitet
  • vore utsett for stress
  • teke for mykje insulin eller annan diabetesmedisin

Fleire fakta om diabetes

Utfordringar til deg

  1. Kva er diabetes? Forklar med eigne ord.
  2. Kva er dei viktigaste forskjellane på type 1-diabetes og type 2-diabetes?
  3. Kvifor må menneske med type 1-diabetes ha insulin rett inn i kroppen (injeksjonar)?
  4. Kva er årsaka til at vi ikkje lenger bruker omgrepet sukkersjuke?
  5. Intervju nokon som har diabetes. Finn ut korleis det er å leve med diabetes.
  6. Kva er føling? Kva symptom har ein diabetikar som får føling?
  7. Kva er riktig førstehjelp ved føling?
  8. Kva er diabetisk koma? Når oppstår det?
  9. Kva komplikasjonar kan oppstå dersom diabetes ikkje blir riktig behandla?
  10. Kva er raske karbohydrat?
  11. Kva slags mat vil du tilrå til ein diabetikar? Lag eit forslag til ein vekemeny.

Læringsressursar

Livsstil og helse

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter