Hopp til innhald

  1. Home
  2. Restaurant- og matfag Vg1ChevronRight
  3. Kosthald og helseChevronRight
  4. Livsstil og helseChevronRight
  5. RisikofaktorarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagstoff

Risikofaktorar

Ein risikofaktor er noko som kan føre til ein farleg situasjon. Her handlar det om å ikkje ta godt nok vare på seg sjølv ved å ta ukloke val i dagleglivet. Viss vi ikkje sørgjer for å få dekka dei grunnleggjande behova våre på ein heilskapleg og sunn måte, risikerer vi å bli sjuke av det.

Arvelege anlegg


Arvestoffet i cellene våre består av gen som gir oss anlegg for ei rekkje eigenskapar. Risiko for sjukdom er ein eigenskap.

Ung kvinne som røykjer. Foto.

Røyking

Dette er uheldig både for blodsirkulasjonen og luftvegane. Tobakk inneheld tjære og nikotin. Nikotinet fører til at blodårene trekkjer seg saman (blir trongare), blodsirkulasjonen blir hindra og blodtrykket stig. Dette er særleg uheldig for hjartemuskelen, som er avhengig av oksygenrik blodtilførsel. Den som røykjer, inhalerer tjære og nikotin frå munnen og heilt ned til lungene. Misfarga tenner, øydelagde flimmerhår i luftvegane, dårleg kondisjon, emfysem, KOLS og kreft er aktuelle skader og sjukdommar. Røyking øydelegg flimmerhåra, som har som oppgåve å føre slim bort frå lungene. Når ein person sluttar å røykje, tek det sju år før håra veks ut igjen og fungerer normalt! Ein som røykjer, har mykje større risiko for å utvikle lungekreft enn ein som ikkje røykjer.

Gen blir overførte frå ein generasjon til neste. Den som har arvelege anlegg for ein sjukdom, kan i nokre tilfelle kompensere ved å unngå dei andre risikofaktorane. Tendens til høgt blodtrykk er døme på ein arveleg tilstand. Det einaste ein kan gjere, er å kontrollere si eiga helse og oppsøkje helsevesenet så ofte ein tykkjer det er naudsynt for å føle seg trygg.

Usunt kosthald

Dette kan vere at ein et for lite eller for mykje i forhold til behovet, eller at kosten manglar viktige næringsstoff. Nordmenn generelt et for mykje feitt, sukker og salt og for lite frukt og grønt. Mykje av feittet vi et, er òg av det usunne slaget. Kolesterolet legg seg på innsida av blodårene og tettar til. Blodomløpet blir hindra. Salt er uheldig fordi det aukar blodtrykket. Nordmenn et òg mykje sukker, som gir rask blodsukker-stiging og ekstra energi. Sukker fører til at tennene rotnar og blir øydelagde. Dette gir smerter og kan føre til problem med tygging. Feitt og karbohydrat er energigivande næringsstoff. For å ha ei vekt i balanse er det naudsynt å forbrenne like mykje energi som ein tek inn. Overflødig energi blir lagra på kroppen så vi blir overvektige. Statens ernæringsråd tilrår rikeleg med frukt og grønsaker, men mange slurvar her.

Lite fysisk aktivitet

Vi kan trene både ved roleg gonge og meir anstrengande aktivitetar. Regelmessig mosjon bidreg til auka blodsirkulasjon, sterkare hjarte og større musklar. Viss vi trener saman med andre, blir det òg sosialt. Mange hevdar at trening gir energi; ein mottek mange inntrykk, gjennom både syn, lukt og høyrsel. Ein veltrena person toler meir, både fysisk og psykisk. Manglande mosjon aukar faren for overvekt. Overvekt kan føre til mindre fysisk aktivitet fordi det blir tyngre å gjennomføre, noko som fører til endå meir overvekt, du går inn i ein vond sirkel. Menneske som ikkje mosjonerer, går glipp av det overskotet som trening gir, dei får mindre muskelmasse og redusert blodgjennomstrøyming.

Stress

Mange opplever at kvardagen er travel. Det er mykje vi skal rekke. Det blir stilt forventingar til oss frå mange kantar. Somme må ta mykje ansvar. Andre har store forventingar til seg sjølv. Somme opplever einsemd. Ein del slit med søvnvanskar eller følelsen av å vere uopplagt. Mange vel òg å gjere seg tilgjengeleg for andre heile tida ved bruk av mobiltelefon. Då er det vanskeleg å kople ut omverda og få heilt ro. Reaksjonar i kroppen på stress kan vere muskelspenning, vond nakke, hovudverk og auka blodtrykk.

Bruk av rusmiddel

Somme bruker alkohol som metode for å slappe av eller "gløyme" vanskar. Hjernen blir sløva av alkohol. Det er avhengigheitsskapande – noko som betyr at ein kan bli avhengig av det. Då mister personen styringa over sitt eiget forbruk. Menneske som misbruker alkohol, står i fare for å få skadar på livsviktige organ som lever og hjerne. Det er i tillegg ei sosial og økonomisk belasting.

Kvar av desse faktorane utgjer ein trussel mot helsa. Når fleire risikofaktorar bli kopla saman, aukar risikoen endå meir. Ein ung nyutdanna mann med ein stressfylt jobb kan kome til å prioritere bort tid til å mosjonere og vere saman med venner. Han vel òg bort den tida det tek å planleggje sunne måltid. I staden går han for raske løysingar som inneheld mykje feitt, salt og sukker og få vitamin og mineral.

Å endre livsstil

Mange vil tene på å gjennomgå ei livsstilsendring for å ta vare på helsa si og førebyggje sjukdom. Ein prøver då å minske eller fjerne heilt dei faktorane som aukar risikoen for sjukdom.

Læringsressursar

Livsstil og helse