1. Home
  2. Restaurant- og matfag Vg1ChevronRight
  3. Kosthold og helseChevronRight
  4. Hjelpemiddel i kostplanleggingaChevronRight
  5. Helse og kosthaldChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Helse og kosthald

Filmen handlar om samanhengen mellom kosthald og helse. Det er særleg lagt vekt på næringsstoff, kor viktig det er å ha eit balansert kosthald, risikofaktorar for sjukdommar og livsstilssjukdommar.

Spørsmål frå filmen

  1. Forklar omgrepet næringsstoff.
  2. Kva for næringsstoff blir kalla ”dei energigivande næringsstoffa”?
  3. Gi døme på matvarer som inneheld mykje protein, feitt og karbohydrat.
  4. Kva meiner vi med eit balansert kosthald?
  5. Kva er livsstilssjukdommar?
  6. Gi tre døme på livsstilssjukdommar.
  7. Kva meiner vi med risikofaktorar når vi snakkar om helse og kosthald?
  8. Kva fortel BMI-talet oss?
  9. Forklar kva type 2-diabetes er, og kva det kan føre til.

Praktisk oppgåve

  1. Lag eit skjema og skriv opp alt du et i eit tidsrom, som du og læraren din blir einige om.
  2. Bruk matvaretabellen og finn ut kva for næringsstoff du har fått i deg, og i kva mengde.
  3. Kva seier resultatet deg?
  4. Forklar korleis kosthaldet ditt kan påverke deg.

Læringsressursar

Hjelpemiddel i kostplanlegginga

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter