1. Home
  2. Restaurant- og matfag Vg1ChevronRight
  3. Kosthold og helseChevronRight
  4. Hjelpemiddel i kostplanleggingaChevronRight
  5. KosthaldsplanleggjarenChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Kosthaldsplanleggjaren

Kosthaldsplanleggjaren er eit kostutrekningsprogram som er tilpassa fleire brukargrupper. Du kan rekne ut næringsinnhaldet i matvarer, rettar og heile menyar og samanlikne dette med tilrådingar for inntak av næringsstoff.

Kostholdsplanleggeren

I fleire av yrka som Vg1 Restaurant- og matfag fører fram mot, vil du få medansvar for kosthaldet til andre menneske. Du vil med det ha stor nytte av å meistre denne programvara. Du vil også kunne ha nytte av Kosthaldsplanleggjaren i planlegginga og vurderinga av ditt eige kosthald. Mange elevar på Restaurant- og matfag lærer seg dette programmet ved å gjennomføre ein studie av sitt eige kosthald.

Kom i gang

Om du vel å lagre det du jobbar med, må du registrere deg med e-postadresse og opprette eit passord, eller logge inn med Facebook- eller googlekonto. Neste gong du loggar inn for å bruke programmet, kan du enkelt finne att dataene du lagra sist. Når du er innlogga, kan du også dele informasjon via lenkjer på e-post eller på Facebook og Twitter.

For å lage ein vekemeny må du velje ein profil, eller referansegruppe, som har informasjon om alder, kjønn, aktivitetsnivå og livssituasjon. Du har 149 ulike profilar å velje mellom.

Kosthaldsplanleggjaren.

Hovudemna i Kosthaldsplanleggjaren

Lag ein vekemeny

Her kan du registrere måltida i ein vekemeny og deretter finne næringsinnhaldet for kvart einskild måltid, for alle måltida kvar dag eller for heile vekemenyen. Deretter kan du enkelt samanlikne desse tala med tilrådingane for akkurat den referansegruppa du har vald.

Kva inneheld maten?

Her kan du samanlikne næringsinnhald i opptil tre matvarer eller tre rettar.

Eksempelmeny

Her ligg det lagra fire ferdige menyar utarbeidde av Helsedirektoratet, for gut, jente, kvinne og mann. Du kan importere menyane, som då blir lagra på din brukar. Deretter kan du endre profil, eller referansegruppe, etter behov, og tilpasse menyane etter det.

Mine vekemenyar

Her kan du lagre dine eigne vekemenyar, sjå på dei, og endre etter behov.

Mine rettar

Her kan du leggje inn eigne oppskrifter og rekne ut næringsinnhaldet i dei.

Mine matvarer

Om matvaretabellen manglar ei matvare, kan du leggje denne inn her. Du kan også bruke matvarer du sjølv har lagt inn i Mine matvarer, i til dømes rettar.

Alle desse tilrådingane byggjer på norske tilrådingar for ernæring og fysisk aktivitet og er basert på det vi per i dag veit om kosthald og helse. Det er også viktig å vere merksame på at tilrådingane i hovudsak gjeld for grupper av friske menneske. Når folk er sjuke, eller har andre spesielle behov, må ein ha utvida og spesielle kunnskapar for å setje saman riktig kost.

Lærer veileder to elever i klasserommet.foto.
Kosthaldsplanleggjaren kan brukast i mange fag i skolen og av alle som ønskjer å vurdere og planleggje sitt eige kosthald.

Korleis bruke Kosthaldsplanleggjaren?

Mange elevar på Restaurant- og matfag har lært seg å bruke Kosthaldsplanleggjaren ved å gjere ein studie av sitt eige kosthald. Du kan altså undersøkje kva du tek inn av mat og drikke i ein viss periode. Du legg opplysningane inn i programmet, og du kan velje kva du vil studere nærmare.

Når du skal sjå på resultata, kan du få dei presenterte som grafikk eller tal. Som tal kan du laste ned og lagre resultata som ei Excel-fil eller Open Office-format, noko som til dømes gjer det mogleg å bruke dei i ein skriftleg rapport.

Mange norske kvinner i fruktbar alder lir av jarnmangel, så det kan til dømes vere interessant å sjå om kosthaldet inneheld nok av dette viktige mineralstoffet. Då vil du kunne sjå kva slags matvarer i kosthaldet ditt som inneheld jarn, og også kor mykje jarn du får i deg. Vidare vil du kunne samanlikne jarninnhaldet i kosten din med tilrådingane frå styresmaktene.

Profil

Kosthaldsplanleggjaren har ei rekkje profilar vi kan samanlikne med. Når du har gjennomført ein kosthaldsstudie, kan du sjå resultata av denne undersøkinga i høve til ein slik profil, eller referansegruppe, og kosthaldstilrådingane som er knytte til denne profilen.

Kjønn og alder har innverknad på kva vi treng av energi og næringsstoff. Gravide og ammande kvinner treng meir av somme næringsstoff, medan barn og unge kan ha andre spesielle behov. Det same gjeld dei som bur på ein del institusjonar. Innanfor kvar referansegruppe kan du leggje inn informasjon om graden av fysisk aktivitet på fritida og aktivitetsnivået på arbeid. Slik kan du lettare samanlikne resultata dine med riktig gruppe.

Tenk deg at du jobbar som kjøkensjef på ein alders- eller sjukeheim og vil studere kosthaldet til ein av brukarane. Då legg du inn informasjon om alt vedkomande et og drikk i løpet av til dømes ei veke, inn i programmet.

Som referansegruppe vel du eit av alternativa innanfor «Institusjon». Du vil då kunne samanlikne talverdiar for brukaren for næringsstoff og energi med tilsvarande tal for referansegruppa. På denne måten får du ein peikepinn på kvaliteten på kosthaldet til den aktuelle brukaren. Alt dette er nærmare skildra i brukarrettleiinga som følgjer med programmet.

Hugs

  • Kosthaldsplanleggjaren er eit kostutreknings-program som reknar ut og samanliknar næringsinnhaldet i heile rettar og menyar, og i ulike matvarer.
  • Programmet er utvikla for å bli brukt i kosthalds- og ernæringsopplæringa av skoleelevar, elevar i vidaregåande skolar, høgskolestudentar og ernæringsrettleiarar.
  • Det er også eit fint hjelpemiddel for matindustrien, som kan leggje inn oppskrifter og varedeklarasjonar.
  • Det er Mattilsynet og Helsedirektoratet som har utvikla denne nettsida, og programmet blir oppdatert éin gong i året med utgangspunkt i matvaretabellen.

Læringsressursar

Hjelpemiddel i kostplanlegginga

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter