Hopp til innhald

  1. Home
  2. Restaurant- og matfag Vg1ChevronRight
  3. Fem om dagenChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Fem om dagen

"Fem om dagen" er ein god hugseregel for at vi skal få i oss nok grønsaker, frukt og bær kvar dag. Halvparten bør vere grønsaker. Ein porsjon utgjer ein middels stor grønsak eller frukt (100 g). Tilrådd inntak er 500 g grønsaker og frukt per dag.

Ein ung mann held armane opp, og i lufta mellom dei svevar det grønsaker.Foto. Foto

Vel frukt og grønt ut ifrå fargane i regnbogen!


Varier mellom ulike typar grønsaker og frukt med ulike fargar. Du kan bruke friske, hermetiske, frosne, rå og varmebehandla grønsaker, frukt og bær.

Et gjerne ein liten neve med usalta nøtter i tillegg.

Viktige matvarer som ikkje kjem inn under fem om dagen

Ein mann held ei bifftomat i handa si. Foto
Ei handfull med frukt eller grønsaker svarer til "ei om dagen". Ein stor mann har ofte ei stor hand og treng ei stor frukt eller grønsak, og ein lita jente har ei lita hand og treng ei lita frukt eller grønsak.

Poteter

Poteter kjem ikkje inn under fem om dagen, men er likevel ei viktig kjelde til både C-vitamin og andre viktige næringsstoff. Dei inneheld mellom anna mykje meir kostfiber enn ris.

Belgfrukter og urter

Bønner og linser, frø og krydderurter er heller ikkje inkludert i fem om dagen. Dette er sunne matvarer som gjerne kan inngå i den daglege kosten.

Du kan lese meir om Fem om dagen på Helsedirektoratet sine nettsider.

Hugs!

Dersom du ikkje greier å ete "fem om dagen", så hugs at sjølv berre litt frå denne matvaregruppa vil vere helsebringande.