1. Home
  2. Restaurant- og matfag Vg1ChevronRight
  3. Kosthold og helseChevronRight
  4. Hjelpemiddel i kostplanleggingaChevronRight
  5. KostsirkelenChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Kostsirkelen

Kostsirkelen er eit hjelpemiddel i kostplanlegginga. Matvarene er delte inn i fem grupper i sirkelen, og storleiken på felta viser kva vi bør ete mest av.

Kostsirkel. Foto.

I kostsirkelen er matvarene
delte inn i fem grupper:

  1. korn, kornprodukt og tørka belgfrukter
  2. grønsaker, poteter, frukt og bær
  3. fisk, raudt og kvitt kjøt, egg og innmat
  4. mjølk og mjølkeprodukt
  5. matfeitt

Storleiken på felta viser kva vi bør ete mest av.

Ut frå kostsirkelen kan vi gi desse kosthaldsråda:

  • Vegetabilske matvarer bør utgjere hovuddelen av kosthaldet.
  • Animalske matvarer bør utgjere ein mindre del av kosthaldet.
  • Feitt og feittrike matvarer bør berre utgjere ein liten del av kosthaldet.
  • Sukker og sukkerrike matvarer finst ikkje i kostsirkelen, og slike produkt treng vi ikkje i eit sunt kosthald.

Læringsressursar

Hjelpemiddel i kostplanlegginga

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter