1. Home
  2. Restaurant- og matfag Vg1ChevronRight
  3. Kosthold og helseChevronRight
  4. Hjelpemiddel i kostplanleggingaChevronRight
  5. Hjelpemiddel for kostplanleggingChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Hjelpemiddel for kostplanlegging

Familie et lunsj ute i naturen. Foto

Helsestyresmaktene gir anbefalingar for korleis kosten bør setjast saman. Det er også laga fleire hjelpemiddel som gjer det lettare å velje eit sunt kosthald:

  • Kostråd
  • Kostsirkelen
  • Tallerkenmodellen
  • Fem om dagen
  • Kosthaldsplanleggjaren

Anbefalingar for ernæringsmessig samansetjing av kosthaldet

Anbefalingar for ernæringsmessig samansetjing av kosthaldet (næringsstoffanbefalingar) gir anbefalingar om energiinntak og inntak av dei ulike næringsstoffa, slik at vi får eit kosthald som dannar grunnlag for god helse. Anbefalingane gjeld primært for friske menneske og for gjennomsnittskosten i ein lengre periode, det vil seie ei veke eller meir. Du kan lese meir om anbefalingane i heftet Norske anbefalingar for ernæring og fysisk aktivitet, som du finn på nettsidene til Helsedirektoratet.

Helsestyresmaktene har også gitt ut anbefalingar om kosthaldet i ulike institusjonar. Det finst til dømes

  • Retningslinjer for skulemåltidet
  • Retningslinjer for mat og måltid i barnehagen
  • Retningslinjer for kosthald i helseinstitusjonar
  • Anbefalingar for mat- og drikketilbodet i kantiner og serveringsstader

Du kan lese meir om desse retningslinjene på Helsedirektoratet sine nettsider:

Helsedirektoratet – ernæring

Læringsressursar

Hjelpemiddel i kostplanlegginga

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter