1. Home
  2. Restaurant- og matfag Vg1ChevronRight
  3. Kosthold og helseChevronRight
  4. Hjelpemiddel i kostplanleggingaChevronRight
  5. NøkkelholetChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Nøkkelholet

Nøkkelholmerking er ei frivillig, nordisk merkeordning for matvarer, som skal gjere det enklare for forbrukaren å velje sunnare matvarer innanfor kvar einskild matvaregruppe.

Ung mor handlar sunn mat i ei matforretning. Foto

Føremålet med merkinga

Merkinga skal gjere det lettare for forbrukarane å setje saman eit kosthald som er i tråd med kosthaldsråda. Merkinga vil også påverke matbransjen til å tenkje produktutvikling, og lage produkt som inneheld mindre feitt, ei sunnare feittsyresamansetjing, mindre salt og sukker, og meir kostfibrar, fullkorn, grønsaker og frukt.

For å få nøkkelholmerket på eit produkt må ein søkje og få godkjent produktet etter dei kriteria som er sette innanfor matvaregruppa.

Eit regelverk som blir endra med kunnskap og etter matvareutvalet

Nøkkelholmerking er ei merkeordning som kom i 2009. I 2015 vart merkinga revidert på nytt, og det vart strengare reglar med krav om meir fullkorn, mindre salt, sukker og feitt og meir fokus på innhaldet av metta feitt i produkta. Som døme kan vi no nemne at det er innført maksimumsgrense på salt i kjøt- og fiskeprodukt. Det er no krav om 20 prosent meir fullkorn i brød, bagettar og wraps, og 100 prosent meir fullkorn i pizza, pirogar og liknande. Produkta skal merkast med salt og ikkje natrium, for at forbrukaren lettare skal kunne forstå merkinga.

Ein har også godkjent fleire produkt, slik at forbrukaren har meir å velje i, og kan få eit meir variert og betre kosthald. Merkeordninga er ikkje endeleg, men blir revurdert jamleg når det kjem ny kunnskap eller når matvaremarknaden endrar seg.

Uemballerte produkt

Ein kan no marknadsføre uemballerte produkt med nøkkelholmerket, om dei oppfyller kriteria for merking. Brød, kjøt, ost, fisk og grønsaker er døme på produkt som ofte blir selde uemballerte. Når merket blir nytta på brød, knekkebrød, ost (ikkje fersk ost), vegetabilske alternativ for ost og uforedla kjøt, skal bedrifta opplyse om grunnlaget for bruk av merket.

Produkt som ikkje har nøkkelholmerket:

  • matvarer med kunstige søtingsstoff (E-nummer)
  • matvarer som har næringsmiddel med søtande eigenskapar
  • matvarer der det er tilsett plantesterolar, plantesterolestarar, plantestanolar eller plantestanolestarar
  • særskilde næringsmiddel for barn under tre år

Almenne reglar om tilsetjing av feitt, sukkerartar og salt

Olje og feitt som blir brukt i produksjonen av næringsmiddel med nøkkelholmerket, kan ikkje innehalde meir enn 2 gram transfeitt per 100 g olje/feitt. Feitt, sukkerartar og salt kan berre tilsetjast produktet der dette er godkjent innan matvaregruppa.

Døme på dei mest vanlege matvarene med krav per 100 g vare

Råvarer Maksimum eller minimum per 100 gram vare
Mjøl som inneheld 100 % fullkorn. Kostfiber min. 6 g
Brødvarer
Minimum 30 % av tørrstoffet må vere kostfibrar.
Tala gjeld for ferdig brød.
Feitt maks. 7 g
Sukkerartar maks. 5 g
Kostfiber min. 5 g
Salt maks. 1 g
Rugbrød
Minimum 35 % av tørrstoffet må vere kostfibrar.
30 % skal vere rug.
Tala gjeld for ferdig brød.
Feitt maks. 7 g
Sukkerartar maks. 5 g
Kostfiber min. 6 g
Salt maks. 1,2 g
Pasta (ikkje fylt)
Minimum 50 % av tørrstoffet må vere fullkorn.
Kostfiber min. 6 g
Salt maks. 0,1 g
Melk – søt og sur for å drikke. Feitt maks. 0,7 g
Ost (ikkje ferskost) Feitt maks. 17 g
Salt maks. 1,6 g
Kjøt (uforedla) Feitt maks. 10 g

Kjøtprodukt laga av minst 50 % kjøt og som er kverna eller hakka.


Døme på unntak:

  • pølser
  • pålegg
  • karbonadedeig

Feitt maks. 10 g
Sukkerartar maks. 10 g
Salt maks. 1,7 g

Salt maks. 2,0 g
Salt maks. 2,2 g
Salt maks. 1,0 g

Fisk
Vara må vere framstilt av minst 50 % foredla fiskevarer.
Panering må ikkje tilføre feitt.

Påleggsprodukt, t.d. skiva fiskepålegg, har andre reglar.

Feitt maks. 10 g
Sukkerartar maks. 5 g
Salt maks. 1, 5 g

Salt maks. 2, 5 g

Vegetabilske produkt
Må bestå av minst 60 % vegetabilske råvarer. Kan ikkje innehalde kjøt og fisk, saus eller lake. Kan vere panert, men panering skal ikkje tilføre feitt.
Feitt maks. g 10 g
Maks. 33 % metta feittsyrer
Sukkerartar maks. 3 g
Salt maks. 1 g

Læringsressursar

Hjelpemiddel i kostplanlegginga

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter