1. Home
  2. Restaurant- og matfag Vg1ChevronRight
  3. Kosthold og helseChevronRight
  4. Hjelpemiddel i kostplanleggingaChevronRight
  5. Den sunne sjømatenChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Den sunne sjømaten

Fiskedisk. Foto.

Både barn og vaksne bør ete fisk fleire gonger i veka. Det er dokumentert at den som et nok fisk og sjømat, har mindre sjanse for å få mange vanlege sjukdommar, som hjartesjukdommar, diabetes, overvekt og nokre typar kreft.

Fisk er ei matvare som inneheld mange næringsstoff som kroppen vår treng.

Omega 3

Gjennom fisk får vi protein og viktige feittsyrer, vitamin og mineral – i tillegg til ei god smaksoppleving! Feit fisk inneheld mykje omega 3. Det er feittsyrer som kroppen vår treng, men som han ikkje kan lage sjølv. Derfor er det viktig å få nok omega 3 gjennom kosten. Feit fisk, som laks og makrell, er dei viktigaste kjeldene til omega 3 i det norske kosthaldet. Omega 3 er namnet på ein familie av fleirumetta feittsyrer.

Det er dokumentert at denne typen feittsyrer kan redusere kolesterolet i blodet. Høgt kolesterol er ein risikofaktor for å utvikle hjarte- og karsjukdommar.

I kjøt er det mykje av ein type feitt som blir kalla metta feitt. Det metta feittet aukar kolesterolmengda i kroppen vår. Derfor kan det vere lurt å ete mindre kjøt og meir fisk.

Kvifor bør barn og gravide ete mat med omega 3?

Eit kosthald med mykje sjømat er særleg viktig for gravide. Omega 3 er svært gunstig for utviklinga til fosteret. Det er særleg nervesystemet til det veksande barnet som får god nytte av desse feittsyrene. Dessutan kan omega 3 hjelpe mot fødselsdepresjonar. Gi barnet ditt fisk på skulematen! Studiar tyder på at minnet og læringsevna blir betra når ein tek omega 3. Det er ikkje så rart – ein stor del av hjernen vår er nemleg sett saman av omega-3-feittsyrer.

Vitamin D

I Noreg er det mange som ikkje får i seg nok vitamin D. Dette vitaminet finst det mykje av i feit fisk. Vitamin D er viktig for at skjelettet skal halde seg sterkt og sunt, i tillegg til at det kan førebyggje nokre kreftformer.

Et både mager og feit fisk

I tillegg til feit fisk bør vi ete mager fisk! Torsk er proteinrik mat. Når vi et torsk, vil heile 96 prosent av energien vi får i oss, vere i form av protein. Mager fisk gjer at vi føler oss godt mette, sjølv om energiinnhaldet er lågt. Dette er godt nytt for alle som vil førebyggje overvekt.

Tilrådingar frå kosthaldsråda

Dei fleste av oss nordmenn et mindre fisk enn det ernæringsekspertane tilrår. For å hindre sjukdom bør vi byte ut nokre av kjøttmiddagane med fisk og bruke meir fisk som pålegg. Det blir tilrådd at vi et tre til fire fiskemåltid i veka, både feit og mager fisk.

Læringsressursar

Hjelpemiddel i kostplanlegginga

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter