Hopp til innhald

  1. Home
  2. Restaurant- og matfag Vg1ChevronRight
  3. Kosthold og helseChevronRight
  4. Hjelpemiddel i kostplanleggingaChevronRight
  5. 1-2-3 kokChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

1-2-3 kok

Elevar på Kokk-og servitørfag som lagar vaniljekrem. Foto.

Informasjon om oppgåva

Dette er ei oppgåve der elevane må følgje eit budsjett og lage eit sunt og rett samansett måltid.

I denne oppgåva skal de delast inn i små grupper, og kvar gruppe skal førebu og lage eit måltid etter eige val på kjøkkenet. De avgjer sjølve kor stort eller lite måltidet skal vere.

Oppgåve

  1. De har berre X kroner til råvarer, og måltidet må dekkje dei nasjonale anbefalingane for energi: karbohydrat (50–60 E%), feitt (20–30 E%) og protein (10–20 E%).
  2. De må utarbeide ei handleliste og skrive ned framgangsmåte for matrettane, og levere dette til læraren ei veke før kjøkkenleksjonen.
  3. Læraren informerer dykk om kor mykje tid kvar gruppe får til å lage rettane på kjøkkenet. Det er viktig at de bereknar kor lang tid de har til rådvelde, og kor lang tid de kjem til å bruke på å lage rettane og dekkje bord.
  4. Gruppa skal òg dekkje eit pent bord som passar med rettane de har valt å servere, og årstida de er inne i.
  5. I tillegg skal de førebu informasjon om korleis måltidet er samansett, kva for vitamin og mineral det inneheld, og kvifor måltidet dykkar er eit sunt og godt alternativ. Bruk kosthaldsplanleggjaren til å rekne ut korleis måltidet er samansett.

Læringsressursar

Hjelpemiddel i kostplanlegginga

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter