Hopp til innhald

  1. Home
  2. Restaurant- og matfag Vg1ChevronRight
  3. Kosthald og helseChevronRight
  4. Hjelpemiddel i kostplanleggingaChevronRight
  5. Oppgåver til kosthaldsplanleggjarenChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Oppgåver til kosthaldsplanleggjaren

Kostholdsplanleggeren.

Ved å løyse denne oppgåva kan du bli betre kjent med Kosthaldsplanleggjaren, lære meir om næringsinnhald i nokre matvarer, og reflektere over og vurdere dette opp mot tilrådingar og livsstilssjukdommar.

Planlegging/førebuing før oppgåvene:

Læraren må vise korleis ein bruker kosthaldsplanleggjaren, ha gått gjennom næringsstoffa og næringsbehovet til ulike grupper, og i tillegg temaet livsstilssjukdommar.

Hugs å lage deg ein brukar, og logg inn for å få lagra oppskrifta di.

Oppgåve 1:

Ta utgangspunkt i kosthaldsplanleggjaren:

  1. Kven har laga kosthaldsplanleggjaren? Kva rolle har desse utgjevarane i samfunnet i samband med ernæring og helse?
  2. Kven kan ha nytte av programmet? Grunngje svaret ditt. Kva kan programmet brukast til? Grunngje svaret ditt.

Oppgåve 2:

Føreslå ein dagsmeny til Per som går på vidaregåande. Han er 17 år, 170 cm høg og veg 80 kilo. Eleven er mykje i aktivitet kvar ettermiddag.

  1. Finn ut ved hjelp av kosthaldsplanleggjaren kor mange kaloriar Per treng kvar dag.
  2. Lag eit forslag til ein dagsmeny som inneheld den tilrådde energien og måltidsfordelinga, og ei riktig fordeling av dei energigjevande næringsstoffa. Skriv opp dagsmenyen din under "min vekemeny" i kosthaldsplanleggjaren.
  3. Vurder menyen du har laga, opp mot dei nasjonale tilrådingane for eit godt kosthald.

Oppgåve 3:

  1. Sjå etter ei oppskrift på tacokrydder. Vurder oppskriftene du finn, og vel den som inneheld minst salt. Under "mine matvarer" legg du til ei "ny matvare" og namngjev ho. Før opp saltinnhaldet, slik at du kan rekne ut saltinnhaldet i oppgåve b. Hugs å dele saltmengda ned slik at ho svarar til 1 middagsporsjon med taco! Skriv 0 på alle næringsstoff med unntak av salt. Resten av kryddera i tacooppskrifta skal du ikkje leggje inn, fordi reine krydder er saltfrie. Kva seier tilrådingane om inntak av salt per dag?

  2. Bruk kosthaldsplanleggaren og rekn ut ulike typar val du kan ta når du handlar inn til taco. Grønsaker er utelatne fordi alle grønsaker er sunne, og det finst ikkje «dårlege» alternativ. Bruk matvarene som er nemnde i tabellen under når du jobbar med oppgåva.
    • Næringsstoff som du skal hake av for i programmet og seinare vurdere, er: salt (ikkje natrium), feitt, metta feitt, umetta feitt, fleirumetta feitt, kostfiber og talet på kcal.
    • Næringsberekn taco til 1 middagsporsjon. Bruk same mengd med ingrediensar på begge alternativa når du samanliknar alternativ 1 og 2.

  3. Vurder næringsinnhaldet i matvarene, og skriv ein konklusjon til slutt om kva som er mest fornuftig å velje. Du kan enkelt samanlikne tala i alternativ 1 og 2 ved å trykke på "samanlikn mat" og så velje "mine matvarer og rettar".
Alternativ 1Alternativ 2
Kjøtdeig med vatn/salt, fersk, råKarbonadedeig, rå
Kvit ost, Norvegia 27 %Kvit ost, lettare type, Norvegia
Seterrømme, 35 % feittLettrømme, 20 %
Taco kryddermix, type Old El PasoOppskrift på krydder som du har lagt inn og næringsberekna.
Tortilla wraps, kveitemjøl, type Santa MariaTortillafullkorn, fersk. Dette produktet finst ikkje i kosthaldsplanleggjaren. Følg lenkja og bruk denne innhaldslista. Før opp tala under "mine matvarer" og legg til "ny matvare".

Læringsressursar

Hjelpemiddel i kostplanlegginga