Hopp til innhald

  1. Home
  2. Restaurant- og matfag Vg1ChevronRight
  3. Kosthold og helseChevronRight
  4. SpesialkostChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Laktoseinnhald i ulike meieriprodukt

Ungt par et frukost. Foto.

Det er svært varierande kor mykje laktose dei ulike meieriprodukta inneheld. I eit vanleg norsk kosthald får vi i oss om lag 20–25 g laktose per dag. Dei som lir av laktoseintoleranse må prøve seg fram for å sjå kor den personlege tolegrensa deira går.

Dei fleste vil tole litt laktose i kvart måltid. Fordelen med å innta laktosehaldige produkt i samband med eit måltid er at laktosen då vil blande seg med andre næringsstoff. Dermed tek heile fordøyingsprosessen lengre tid og symptoma blir mindre kraftige.

Ein toler ofte syrna meieriprodukt betre enn søte

Syrna meieriprodukt som yoghurt, kefir, skumma kulturmjølk, Cultura og Biola inneheld relativt små mengder laktose. Desse produkta toler ein derfor ofte betre enn søtmjølksprodukt. Når det gjeld vanleg søtmjølk, kan mange gjerne tole dette i mindre mengder, som til dømes eit lite glas mjølk til eit måltid eller litt mjølk tilsett i matlaginga. Større mengder mjølk vil by på ubehag for dei fleste.

Laktoseredusert mjølk

Det finst fleire typar mjølk på marknaden som er laktosereduserte. I dei fleste butikkar finn ein laktoseredusert lettmjølk, og skulemjølka med mild kakaosmak er laktoseredusert.

Gulost inneheld svært lite laktose

Det finst svært små mengder laktose i gulost og smør. I brunost og prim er mengda derimot stor, og desse matvarene bør ein bruke mindre av ved laktoseintoleranse.

Den viktigaste kalsiumkjelda vår

Fordi meieriprodukta er den viktigaste kalsiumkjelda vår, er det svært viktig at ein sikrar kalsiuminntaket dersom ein utelèt enkelte meieriprodukt heilt eller delvis.

Laktasedråpar

Apotek og helsekost sel dråpar med laktase-enzym. Desse dråpane kan ein tilsetje i vanleg mjølk og andre flytande meieriprodukt slik at mjølkesukkeret blir brote ned. Det finst også tablettar ein kan ta som inneheld laktase. Dette kan vere praktisk om ein til dømes skal i selskap eller ut og ete og ikkje veit på førehand kva som kjem til å bli servert.

Læringsressursar

Spesialkost