Hopp til innhald

  1. Home
  2. Restaurant- og matfag Vg1ChevronRight
  3. Kosthald og helseChevronRight
  4. SpesialkostChevronRight
  5. Kostråd ved laktoseintoleranseChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Kostråd ved laktoseintoleranse

Jente drikk sjokolademjølk.Foto

Laktoseintoleranse er ein tarmsjukdom som kjem av mangel eller underskot på fordøyingsenzymet laktase i tarmen. Ved å unngå matvarer med laktose, kan ein lindre symptoma.

Mat som inneheld laktose

All mat som er laga av eller med mjølk kan innehalde laktose, men mengda vil variere frå produkt til produkt. Ulike omgrep på ingredienslista på matvarer gir informasjon om det er slik at maten inneheld laktose. Dei vanlegaste av desse er: mjølk, laktose, smør, tørrmjølk, skumma tørrmjølkspulver, fløyte, rømme og myse.

Ost kan vere kalsiumkjelda

Mjølk er den største kjelda til kalsium i kosten. Utan mjølk og mjølkeprodukt kan kalsiuminntaket bli litt lågt. Men fordi alle faste kvite ostar som Edamer, Norvegia, Ridderost og Jarlsberg er laktosefrie, kan desse utgjere hovudkjelda til kalsium i kosten. Vaksne kan ha behov for mjølkeerstatningar til bruk på til dømes frukostblandingar, i matlaging og så vidare.

Alternativ til mjølk

Alternative mjølkevariantar er soyamjølk, havremjølk, rismjølk, bokkveitemjølk, sesammjølk og mandelmjølk. Mange av desse kan du kjøpe i daglegvarebutikkar eller i helsekostbutikkar, andre kan ein lage sjølv. Dei fleste av desse mjølketypane er ikkje tilsett kalsium og blir dermed ikkje ei fullverdig erstatning for mjølk. Mange av dei inneheld heller ikkje protein av den same kvaliteten som mjølkeproteinet, og heller ikkje jod, B-vitamina og dei andre næringsstoffa mjølk er ei god kjelde til. Derfor må ein vere ekstra påpasseleg med å få dekt dette frå andre matvarer.

Laktoseredusert mjølk

For dei som toler litt laktose, finst det laktoseredusert lettmjølk som inneheld like mykje kalsium som anna mjølk. Små barn med laktoseintoleranse får fullgod mjølkeerstatning på resept. Skulemjølka med mild kakaosmak er også laktoseredusert, og gjer det mogeleg for barn og ungdommar med laktoseintoleranse å drikke skulemjølk. Dersom du nyttar laktoseredusert mjølk i matlaginga, kan du redusere litt på sukkermengda i resten av retten, fordi laktoseredusert mjølk er litt søtare enn vanleg mjølk.

Introduser laktose gradvis

I perioden rett etter at laktoseintoleransen er diagnostisert, bør ein utelate all laktosehaldig mat og drikke. Etter kvart som symptoma forsvinn, kan ein gradvis prøve å finne ut kor mykje laktose ein toler utan å få ubehag. Studiar viser at ein jamn tilførsel av små mengder laktose faktisk kan oppretthalde ein nokonlunde god toleranse for laktose.

Dei fleste vaksne og barn med laktoseintoleranse toler 2–5 g laktose i eitt måltid, men mange toler mykje meir.

2–5 g laktose i eit måltid svarar til

  • 1 glas mjølk
  • 1 dl mjølk på frukostblanding
  • 1 dl yoghurt (naturell eller med frukt)
  • 1 dl surmjølk
  • 8 g brunost. Denne mengda svarar ikkje til ost til ei brødskive ein gong.

Gulost, derimot, er så å seie fri for laktose og kan med fordel nyttast fritt av personar med laktoseintoleranse. Når ein produserer ost, blir så og seie all laktosen bunde til det som blir til prim og brunost. Derfor er alle faste gule oster praktisk talt laktosefrie.

Laktasetablettar og -dråpar

Det finst også enzymtablettar å få kjøpt på apoteket. Desse heiter Kerutab og kan takast til måltid som inneheld ein del laktose. Kerutab kan vere greie å bruke ved særskilde høve, til dømes om ein skal i selskap eller har særleg lyst på is eller andre laktoserike matvarer.

Laktoseintoleranse

Kjem av mangel eller underskot på fordøyingsenzymet laktase i tarmen. Dei fleste afrikanarar, søramerikanarar og asiatar manglar dette enzymet og toler derfor ikkje store mengder laktosehaldig mat. I Noreg har om lag 2 prosent av befolkninga laktoseintoleranse, mens Finland leiar an i Skandinavia med heile 20 prosent.

Menneske med laktoseintoleranse har lite av fordøyingsenzymet laktase i tarmen. Laktase er eit enzym som spaltar mjølkesukker (laktose) i to delar, sukkerartane glukose og galaktose. Denne spaltinga må til for at sukkerartane skal kunne sugast opp i tarmen.

Laktasemangel fører til ei redusert spalting av laktose. I staden for at laktosen blir broten ned og teken opp i tarmen, går han ufordøydd vidare til tjukktarmen. Det er umogeleg å ta opp laktose i tjukktarmen, og laktose i tjukktarmen fører til irritasjon og diaré. Bakteriar i tjukktarmen bryt laktosen ned til hydrogen, korte feittsyrer, metan og karbondioksid. Dette fører til oppblåsen mage, gassdanning, magesmerter og anna ubehag.

Læringsressursar

Spesialkost