Hopp til innhald

  1. Home
  2. Restaurant- og matfag Vg1ChevronRight
  3. Kosthold og helseChevronRight
  4. SpesialkostChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Laktoseintoleranse

Havremjølk. Foto

Laktoseintoleranse vil seie at evna til å bryte ned laktose (mjølkesukker) er redusert. Laktose er eit karbohydrat som finst naturleg i mjølk frå alle pattedyr. Det finst òg i morsmjølk.

Laktoseintoleranse må ikkje forvekslast med mjølkeproteinallergi, som er ein reaksjon frå immunsystemet på proteinet i mjølka.

Medfødd laktoseintoleranse

Ein kan dele inn laktoseintoleranse i tre kategoriar. Det finst éi form som vi kallar medfødd laktoseintoleranse. Denne forma kjem av ein genetisk feil, og personar som har dette manglar enzymet laktase fullstendig. Denne forma for laktoseintoleranse er uhyre sjeldan.

Primær laktoseintoleranse

Primær laktoseintoleranse kjem av at laktaseaktiviteten gradvis blir redusert etter dei første leveåra. I Nord-Amerika og Nord-Europa reknar ein med at berre 2-3 % lir av dette. Denne forma for laktoseintoleranse er likevel det ”normale” for store delar av folkesetnaden i verda. Dette gjeld dei fleste afrikanske, asiatiske og indianske folkeslag.

Sekundær laktoseintoleranse

Sekundær laktoseintoleranse kjem av skadar i tarmen som følgje av andre sjukdommar eller inngrep. Uttrykket sekundær viser til at laktoseintoleransen oppstår som følgje av ei anna liding. Døme på tilstandar der sekundær laktoseintoleranse kan oppstå er ved cøliaki, alvorlege tarminfeksjonar og i samband med strålebehandling mot mageregionen. Ved slike tilstandar går som oftast laktoseintoleransen over når ein har gjort noko med den primære lidinga. Personar som går på glutenfri kost toler derfor laktose etter ei stund, mens personar med ubehandla cøliaki toler laktose dårleg. På same måte kan dei fleste som har hatt ein infeksjon eller som har gjennomgått strålebehandling tolerere laktose etter ei viss tid, men for somme blir laktoseintoleransen permanent.

Symptom

Symptom på laktoseintoleranse kan vere mageknip, oppblåsen mage, diaré og oppkast. Symptoma kan variere frå person til person, og er òg i noko grad knytt til personen sin alder. Hjå små barn dominerer kolikk, diaré og oppkast. Eldre barn og vaksne kan ha mindre uttalte symptom, som lettare magesmerter, oppblåsen mage og eventuelt diaré. Symptoma kjem av at laktose kjem ned i tjukktarmen der bakteriar gjærer mjølkesukkeret. Normalt kjem det ikkje noko særleg laktose ned i tjukktarmen, fordi laktosen blir spalta og absorbert i tynntarmen.

Sjølv om det ligg føre ein sikker laktoseintoleranse treng ein ikkje kutte ut meieriprodukta, men ein bør passe på kva for type produkt ein bruker og i kor store mengder. Det er svært individuelt kor mykje laktose ein toler. Det er òg svært stor skilnad på laktoseinnhaldet i dei ulike meieriprodukta, somme inneheld så lite laktose at det ikkje oppstår symptom uansett sensitivitet. Symptoma på laktoseintoleranse kan vere ubehagelege nok, men det er aldri farleg å innta sjølv store mengder laktose for dei som er intolerante.

Korleis stiller ein diagnosen?

Diagnosen laktoseintoleranse kan stillast ved at ein gjer ein såkalla laktosebelastingstest der ein undersøkjer kor stor mengd laktose det er i avføringa. Det mest vanlege er likevel å fjerne produkt som inneheld mykje laktose frå kosthaldet og sjå om symptoma forsvinn, og deretter innføre laktosehaldige produkt på nytt for å sjå om symptoma kjem tilbake. Dette bør gjerast i regi av ein kyndig fagperson, som til dømes ein klinisk ernæringsfysiolog.

Det er svært uheldig å utelate mjølk og meieriprodukt frå kosthaldet utan å vite sikkert at dette er nødvendig. Då fjernar ein samstundes svært mange næringsstoff, og dette er særleg uheldig for barn og unge i vekst.Det er også svært stor skilnad på kor mykje laktose dei ulike meieriprodukta inneheld, så det vil uansett ikkje vere nødvendig å fjerne alle frå kosthaldet. Ein tredje måte å teste for laktoseintoleranse går ut på at ein blir gitt laktose, og så blir det teke blodprøvar som kontrollerer om ein har enzymet som bryt ned laktosen. Denne metoden er mykje enklare enn å kutte ut mjølk frå kosthaldet.

Læringsressursar

Spesialkost