Hopp til innhald

  1. Home
  2. Restaurant- og matfag Vg1ChevronRight
  3. Kosthald og helseChevronRight
  4. SpesialkostChevronRight
  5. Omsyn å ta når ein produserer spesialkostChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Omsyn å ta når ein produserer spesialkost

Ein sjukepleiar kjem inn med eit brett med mat til pasient.Foto.

Når vi skal lage spesialkost må vi ta omsyn til kva for næringsstoff pasienten eller kunden treng, men også smakspreferansar og trivsel knytt til mat og måltid. Det er ikkje nok at maten blir laga, han må òg veljast og etast.

Dersom du skal lage spesialkost, bør du tenke gjennom dette:

  • Kva for retningslinjer gjeld for spesialkosten?
  • Kva for matvarer kan brukast i spesialkosten?
  • Kva for matvarer kan ikkje brukast i spesialkosten?
  • Er det avgrensa kva for matlagingsmetodar ein kan bruke?
  • Kan ein lage spesialkosten med utgangspunkt i normalkosten?
  • Er dei sensoriske eigenskapane til maten (smak, lukt, utsjånad, tekstur og lyd) tilpassa målgruppa?
  • Er maten tilpassa den sosiale situasjonen der han inngår (til dømes kvardagsmat, ”kose-mat” eller festmat, og skal maten etast åleine eller i fellesskap)?
  • Er maten tilpassa dei rammene der ein skal ete maten eller måltidet (til dømes sjukeseng eller kantine, servering ved bordet)?

Læringsressursar

Spesialkost

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter