Hopp til innhald

  1. Home
  2. Restaurant- og matfag Vg1ChevronRight
  3. Kosthold og helseChevronRight
  4. SpesialkostChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Matvareallergi og matvareintoleranse

To menn som er på restaurant og et nudlar og drikk raudvin.Foto.

Ein lang rekkje stoff i matvarer kan framkalle overfølsemdsreaksjonar hjå menneske. Symptoma på slike reaksjonar kan vere kløe, eksem, oppkast, diaré, smerter, rennande nase, hovudverk, trøyttleik og konsentrasjonsvanskar.

Dei matvarene som oftast gir reaksjonar er kumjølk, egg, fisk og skaldyr, sitrusfrukter, ulike nøtter, belgfrukter og glutenhaldige matvarer.

Mjølkeallergi

Personar med mjølkeallergi reagerer på proteina i kumjølk, og det er viktig å unngå all mjølk i kosthaldet. Mjølkeprotein finst i mange matvarer, derfor er det ofte nødvendig med ei omfattande omlegging av kosthaldet. Døme på matvarer som inneheld mjølkeprotein er ost, is, farsar, pøler, supper, margarin, brød og kaker. Som erstatning for mjølk kan ein bruke mjølkeerstatning, rismjølk, kokosmjølk eller soyamjølk. Personar med mjølkeallergi må gjerne ta kalsiumtilskot og vitamin D-tilskot (tran).

Nøtteallergi

Personar med nøtteallergi reagerer på ein eller fleire typar nøtter eller frø, og dei må unngå dette i kosthaldet. Nøtter blir i dag brukt i mange ulike matvarer som kaker, salatar, middagsgryter, pastarettar, sausar, brød, marsipan, krokan og makronfyll. Ein del sjokolade innheld spor av nøtter fordi produksjonsutstyret innheld restar frå andre produkt.

Laktoseintoleranse

Personar med laktoseintoleranse har redusert evne til å bryte ned laktose (mjølkesukker) i tarmen. Dei fleste med laktoseintoleranse toler noko laktose i kosten. Vanleg mjølk, is og fersk ost inneheld mykje laktose. Syrna mjølkeprodukt (kefir, kulturmjølk, biola, yoghurt) inneheld mindre laktose enn søt mjølk. Mjølkemat som pannekaker, vaflar, graut og mjølkesjokolade inneheld mykje laktose. For å redusere laktoseinnhaldet kan ein nytte laktoseredusert mjølk, margarin utan mjølk og andre laktosefrie produkt.

Cøliaki

Personar med cøliaki (glutenintoleranse) toler ikkje gluten. Gluten finn vi i kveite, rug, bygg og i ei rekkje produkt som bakverk, sausar og supper. For personar med cøliaki er det viktig at kosten er fri for gluten. Som erstatning for kveite, rug og bygg må vi bruke andre kornvarer som maisenna, cornflakes, polentagryn, ris, hirse, bokkveite, sesamfrø, linfrø, solsikkefrø, glutenfri mjølblanding og glutenfri pasta. I tillegg kan ein nytte potetmjøl, sagogryn og soyamjøl. Spesialprodusert havre er glutenfri og kan brukast.

Du kan lese meir om matallergiar og matintoleranse på Norges Astma- og Allergiforbund si nettside: www.naaf.no og på nettsida til Norsk Cøliakforening: www.ncf.no.

Læringsressursar

Spesialkost