Hopp til innhald

  1. Home
  2. Restaurant- og matfag Vg1ChevronRight
  3. Kosthold og helseChevronRight
  4. SpesialkostChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Spesialkost

Ein mann sit i senga og et, mens ein dame held han med selskap.Foto

Spesialkost er mat som er tilpassa personar med sjukdommar der kosthaldet er den einaste behandlinga, eller ein viktig del av behandlinga.

Det kan dreie seg om at desse personane må ha mykje eller lite av enkelte næringsstoff, at dei har nedsett appetitt eller fysiske vanskar med å ete eller har sjukdommar som gjer at dei har eit dårleg næringsopptak. I tabellen finn du ei oversikt over sjukdommar der ernæring er den einaste eller ein vesentleg del av behandlinga:

Ernæring som einaste behandlingErnæring som ein vesentleg del av behandlinga
Matvareallergi og matvareintoleranseDiabetes
CøliakiHjarte- og karsjukdom
Stoffskiftesjukdommar der komponentar i maten er årsaka til problemetOvervekt og fedme
Kreft
Sjukdommar i lever, nyre, galleblære og bukspyttkjertel
Sjukdommar eller operasjonar i munn, svelg, mage og tarm

Læringsressursar

Spesialkost