Hopp til innhald

  1. Home
  2. Restaurant- og matfag Vg1ChevronRight
  3. Kosthald og helseChevronRight
  4. Energigivande næringsstoffChevronRight
  5. Essensielle feittsyrer – omega-3 og omega-6ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Essensielle feittsyrer – omega-3 og omega-6

Kroppen lagar sjølv dei fleste feittsyrene han treng, men enkelte feittsyrer
må bli tilført via kosten. Desse kallar vi essensielle (livsnødvendige) feittsyrer.
Dei essensielle feittsyrene er linolsyre (C18:2 omega-6)
og linolensyre (18:3 omega-3).

Ung dame som spis et eit knekkebrød med røykt laks. Foto.
Fisk. Foto.
Makrell er ein feit fisk, og inneheld derfor mykje omega-3.

Dei essensielle feittsyrene er viktige fordi dei inngår i cellemembranar og påverkar eigenskapane til membranane. Dei er i tillegg forstadium for hormonliknande stoff (eikosanoid). I fiskeoljer finst dei svært lange fleirumetta omega-3-feittsyrene EPA og DHA. Sjølv om det ikkje er vist at desse er essensielle, tyder mange undersøkingar på at det kan vere helsemessig gunstig, særleg i høve til hjarte- og karsjukdommar, å inkludere små mengder av desse feittsyrene i kosten.

Olje blir helt over ein salat med masse grønsaker. Foto.
Salat med oljedressing er eit fint tilskot til essensielle feittsyrer i kosten.

Fordeling av feittypar i kosten

Ein tilrår at inntaket av fleirumetta feittsyrer utgjer 5-10 prosent av energiinnhaldet i kosten, inklusiv om lag 1 energiprosent omega-3-feittsyrer.

Essensielle fleirumetta omega-6- og omega-3-feittsyrer bør bidra med minst 3 prosent av det samla energiinntaket (E%).

Omega-3 finn vi i hovudsak i mat som kjem frå dyreriket. Det finst nokre få unnatak, mellom anna inneheld linfrø ein del omega-3.

Omega-6 finn vi i hovudsak i mat som kjem frå planteriket.

Forenkla strukturformel av ei omega-3-feittsyre. Illustrasjon.
Omega-3-feittsyra ALA

Læringsressursar

Energigivande næringsstoff