Hopp til innhald

  1. Home
  2. Restaurant- og matfag Vg1ChevronRight
  3. Kosthold og helseChevronRight
  4. Energigivande næringsstoffChevronRight
  5. Feittomgrep – Kva er feitt?ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Feittomgrep – Kva er feitt?

Bilete av ulike produkt frå matvaregruppa feitt: smør, margarin og olje. Foto

Feittstoff eller lipid er fellesnamnet på stoff som ikkje er oppløyselege i vatn, men i løysemiddel som bensin o.l. Det finst ulike feittstoff i maten vår og desse deler vi inn i grupper.

Feittstoffa kan delast inn i tre grupper:

  • Triglyserid (vanleg matfeitt)
  • Fosfolipid
  • Kolesterol

Triglyserida, som er nemninga på det vanlege feittet vårt, utgjer heilt klart hovuddelen av feittet i matvarene. Triglyserid består av feittsyrer kopla til glycerol. Feittsyrene består av lange kjeder av karbonatom som har bunde til seg hydrogen og oksygen.

Feittsyrene blir ofte delte inn i metta, einumetta og fleirumetta feittsyrer.

Metta feitt

Når ei feittsyre ikkje har nokon dobbeltbindingar i feittkjeda, så er det ei metta feittsyre.

Den største kjelda til metta feitt i kosten vår er meieriprodukt, men vi finn òg ein del metta feitt i kjøt og då særleg stofekjøt og sau/lam.

Einumetta feitt

At ei feittsyre er einumetta, vil seie at det finst ei umetta binding (dobbeltbinding) mellom karbonatoma i feittsyrekjeda. I den umetta bindinga manglar det to hydrogenatom; ho er altså umetta med omsyn til hydrogen.

Umetta feitt finn vi mykje av i avocado, hasselnøtter, olivenolje, rapsolje og feit fisk. I kylling er størstedelen av feittet einumetta feitt.

Fleirumetta feitt

At ei feittsyre er fleirumetta, vil seie at ho inneheld to eller fleire umetta bindingar. I dei fleste umetta feittsyrene som førekjem naturleg er dobbeltbindinga i cisform. Cis fordi hydrogenatoma på dei to karbonatoma som er bunde saman av dobbeltbindinga sit på den same sida av molekylet. Dersom hydrogenatoma sit på kvar si side av molekylet er dobbeltbindinga i transform.

Transfeittsyrer er einumetta eller fleirumetta feitt, men blir oppfatta som metta feitt i kroppen. Feittet finst i små og ubetydelege mengder i mjølk og kjøt frå drøvtyggjarar. Ver meir merksam på nemninga "delvis herda", då det i desse varene kan skjule seg farleg transfeitt.

Fleirumetta feitt finn vi mykje av i råvarer som feit fisk, valnøtter og soyaolje.

Ved hjelp av oppbygginga kan ein finne ut feittypen

Det er vanleg å nemne feittsyrer ut frå talet på karbonatom i kjeda, talet på umetta bindingar og kva plassering bindingane har. For å oppgi kvar den umetta bindinga er plassert i karbonkjeda, tel ein karbonatom frå den eine enden av kjeda.

Omega 3

Når den første umetta bindinga er ved karbonatom tre rekna frå omega-enden av kjeda, kallar vi denne ei omega-3-fiettsyre (eller n-3 fettsyre).

Omega 6

Når den første umetta bindinga er ved karbonatom 6
eller nummer 9, er det høvesvis ei omega-6-feittsyre og ei omega-9-feittsyre.

Ei feittsyre med 18 karbonatom og tre umetta bindingar, der den første er plassert ved karbonatom 3 frå omega-enden, kallar vi C 18:3 omega-3.

I feitt frå drøvtyggjarar, til dømes i mjølk og kjøt, er det ein stor del metta feitt, mens det i feit fisk og dei fleste planteoljer er mykje fleirumetta feitt.

Læringsressursar

Energigivande næringsstoff

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter