1. Home
  2. Restaurant- og matfag Vg1ChevronRight
  3. Kosthold og helseChevronRight
  4. Energigivande næringsstoffChevronRight
  5. Merking av transfeitt ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Merking av transfeitt

Ein kopp kaffi med kjeks ved sidan av. Foto

No er det innført strengare regulering av industrielt framstilt transfeitt i matvarer som blir selde i Noreg. Det er no berre tillate med maksimalt 2 gram transfeitt per 100 gram feitt i ei matvare. Den nye reguleringa er laga etter modell frå Danmark, Island og Austerrike.

Transfeitt er ikkje sunt og aukar mellom anna risikoen for hjarte- og karsjukdommar.

Kjeks, kaker og bakverk

Transfeitt blir danna ved industriell tilarbeiding av feitt og oljer frå både plante- og dyreriket, til dømes ved delvis herding av umetta feittsyrer i oljer. Transfeittsyrer finst derfor i matvarer der ein nyttar delvis herda oljer som ingrediens. Dette kan vere kjeks, kaker og anna bakverk.

I forskrifta er det denne typen industrielt framstilt transfeitt som blir regulert. Transfeitt finst òg naturleg i matvarer som mjølk og kjøt frå storfe og sau.

Den nye grensa på 2 gram transfeittsyrer per 100 gram feitt samsvarar også med grensa i Nøkkelholsforskrifta. Det er òg ein fordel å setje same grense i Noreg som i dei EU/EØS-landa vi importerer varer frå.

Står ikkje i innhaldsdeklarasjonen

I dag er det ikkje krav til produsentane om å oppgi at produktet inneheld transfeitt. Du kjem derfor ikkje til å finne produkt med transfeitt i innhaldsdeklarasjonen. Om det i ingredienslista står delvis herda eller hydrogenert feitt, kan matvara innehalde transfeitt.

I regelverket står det at ein skal bruke omgrepet «delvis herda feitt», men vi ser at ein del også bruker omgrepet «hydrogenert», så her er det viktig å sjå godt etter når ein handlar. I Noreg er det berre importerte matvarer som kan innehalde transfeitt.

Mattilsynet har gjennom fleire år sett med uro på dei negative helseeffektane ved transfeitt, og oppmoda matprodusentane til å kutte ut transfeittet. Norske matprodusentar har teke dette på alvor og bruker derfor ikkje lenger transfeitt.

Læringsressursar

Energigivande næringsstoff

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter