Hopp til innhald

  1. Home
  2. Restaurant- og matfag Vg1ChevronRight
  3. Kosthold og helseChevronRight
  4. Energigivande næringsstoffChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Energi

Kroppen treng drivstoff (energi) for å vekse og fungere. Energigivande næringsstoff er i hovudsak karbohydrat og feitt. Protein gir også energi, men blir først og fremst brukt som byggjemateriale i kroppen. Alkohol inneheld energi, men blir ikkje rekna som eit næringsstoff.

Bilde av et barn som spiser kylling. Foto.

Energibehov per dag

Ein reknar med at det daglege energiforbruket er om lag 9 MJ/d (2150 kcal/d) hos ei vaksen inaktiv kvinne og om lag 11 MJ/d (2600 kcal/d) hos ein mann med same aktivitetsnivå. Ved jamn fysisk aktivitet på fritida aukar energiforbruket hos desse til høvesvis 10 MJ/d og 12,5 MJ/d. Blant grupper med ekstremt høg fysisk aktivitet som elitesoldatar på trening kan energiforbruket vere over 20 MJ/d og blant Tour de France-syklistar over 30 MJ/d.

Energiomsetning

Energiomsetninga blir i store trekk avgjort av to faktorar: kvilestoffskifte (basal energiomsetning) og muskelarbeid. For dei fleste utgjer kvilestoffskiftet over halvparten av den samla energiomsetninga.

Ho varierer systematisk med alder, kroppsstorleik og kroppssamansetjing. Ho er lågare hos kvinner enn hos menn.

Dessutan treng ein energi for å fordøye maten (maten sin termiske effekt). Ved vanleg blanda kosthald fører den mengden energi som trengst for å fordøye måltida i løpet av eit døgn til ein auke av den basale energiomsetninga på 5–15 prosent.

Energiomsetninga ved muskelarbeid varierer med kor kraftig muskelarbeidet er og kor lenge det varar. Muskelarbeid er den einskildfaktoren som i størst grad bestemmer variasjonane i det samla energiforbruket. Til dømes blir energiomsetninga fordobla når ein stillesitjande person reiser seg og begynner å vandre rundt i rommet. Sjå døme på energiomsetning ved ulike aktivitetar ved å følgje lenkja i margen.

Energibalanse

Når det gjeld overvekt er balansen mellom energiinntak og energiforbruk heilt avgjerande. Dersom ein tek inn meir energi enn ein forbruker, aukar vekta. Om energien kjem frå feitt eller karbohydrat er underordna. Eit kosthald med høgt innhald av feitt og energitette matvarer, og lågt innhald av kostfiber, aukar risikoen for å overete energi og dermed risikoen for overvekt.

Det er ikkje store endringar i balansen mellom energiinntak og energiforbruk som skal til for at kroppsvekta aukar med eitt kilo på eitt år. Dersom energiinntaket overstig det daglege energiforbruket med 80 kJ (20 kcal), kan dette føre til at kroppsvekta aukar med om lag eitt kilo på eitt år. Ei energimengde på 80 kJ per dag svarar til om lag 2 g feitt eller 5 g sukker per dag. Ved å gå i 4–5 minutt forbruker ein 80 kJ.

Måleeiningar og omrekningsfaktorar

Den internasjonalt vedtekne eininga for energi er joule (J), men mange bruker framleis kaloriar (cal). Energiinnhaldet i matvarer blir som regel oppgitt i kilojoule (kJ) eller kilokaloriar (kcal).

  • 1 kJ = 0,239 kcal
  • 1 kcal = 4,184 kJ

Innhaldet av energi i energigivande næringsstoff:

  • 1 g feitt = 37 kJ eller 9 kcal
  • 1 g protein = 17 kJ eller 4 kcal
  • 1 g karbohydrat = 17 kJ eller 4 kcal
  • 1 g alkohol = 29 kJ eller 7 kcal

Energiprosent

Delen av det totale energiinnhaldet i kosten som kjem frå karbohydrat, feitt og protein kallar ein ofte energiprosent eller E%. I gjennomsnittskosten bidreg karbohydrat, feitt og protein om lag med høvesvis 50, 35 og 15 E%.

Tilrådd fordeling av dei energigivande næringsstoffa er at

  • karbohydrat bør bidra med 45–60 E%
  • feitt med 25–40 E%
  • protein med 10–20 E%.

Ein kan ikkje gi individuelle anbefalingar for energiinntak på grunn av at kvilestoffskifte, kroppssamansetjing og grad av fysisk aktivitet i stor grad varierer frå person til person.

Energiforbruket, og dermed energibehovet, blir påverka av ei rekkje forhold som kjønn, alder, kropsstorleik, kroppssamansetjing og grad av aktivitet.

Læringsressursar

Energigivande næringsstoff