1. Home
  2. Restaurant- og matfag Vg1ChevronRight
  3. Kosthold og helseChevronRight
  4. Energigivande næringsstoffChevronRight
  5. Næringsberekning ChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Næringsberekning

Fat med eit sjokoladekakestykke og diverse bær. Foto.

I denne oppgåva lærer du å rekne ut kor mange KJ/kcal det er i ulike matvarer, og du skal også lære deg å betre forstå forholdet mellom inntak av kaloriar og behov.

I del 1 skal du rekne ut energimengda i eit stykke sjokoladekake med glasur, som veg 80 gram. Du får oppgitt kor mange kcal/KJ det er i eitt kakestykke, og må gonge ut energimengda per næringsstoff.

I del 2 skal du rekne ut energiprosenten for éin dag av protein, feitt og karbohydrat.

Del 1

Rekne ut næringsinnhaldet i eit kakestykke.

1 stykke sjokoladekake inneheld:

49 gram karbohydrat

3,3 gram protein

8,4 gram feitt

  1. Kor mange kcal/KJ kjem frå karbohydrat?
  2. Kor mange kcal/KJ kjem frå feitt?
  3. Kor mange kcal/KJ kjem frå protein?
  4. Kor mange kcal/KJ er det totalt i kakestykket?
  5. Kor mange E-prosent er det tilrådd at vi får i oss kvar dag frå dei ulike næringsstoffa?

Person som skriv på laptop. Foto.
Del 2

  1. Det er tilrådd at ei jente mellom 14 og 17 år, som er middels aktiv, skal få i seg om lag 9 600 kJ kvar dag. Dersom Kari på 16 år et 96 g protein på éin dag; kor mange E% av tilrådd mengde svarer dette til?
  2. Det er tilrådd at ein gut mellom 14 og 17 år, som er middels aktiv, skal få i seg om lag 12 300 kJ kvar dag. Dersom Kristian på 16 år et 127 g protein og 132 g feitt på éin dag; kor mange E% protein og kor mange E% feitt av tilrådd mengde svarer dette til?
  3. Dersom du reknar med tilrådd mengde dagleg energi, får Kristian i seg for mykje, for lite eller akkurat passeleg mengde av protein og feitt? Kor mange gram protein og feitt bør han ete for å dekkje tilrådd dagleg inntak av næringsstoff? Rekn med 15 E% protein og 25 E% feitt.

Læringsressursar

Energigivande næringsstoff

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter