1. Home
  2. Restaurant- og matfag Vg1ChevronRight
  3. Kosthold og helseChevronRight
  4. Energigivande næringsstoffChevronRight
  5. Sjømat er hjernefødeChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Sjømat er hjerneføde

NM i sjømat 3 - Oddmund Tronstad lagar mat ute i ein stor hall. Foto

Sjømat er hjerneføde, og ein reknar med at omega-3 kan hjelpe mot både lærevanskar og dysleksi. For barn og unge kan det derfor vere lurt å satse på laks, aure eller makrell til både middag og som pålegg.

Studiar både i USA og Nord-Irland konkluderer med at mangel på omega-3 kan vere årsaka til lærevanskar og dysleksi. Auka tilførsel av omega-3 viser seg å ha positiv innverknad på desse problema.

60 prosent av hjernen vår består av feitt, og forskarane reknar med at minst 30 prosent av dette feittet er omega-3-feittsyrer. Desse omega-3-feittsyrene er nødvendige for å utvikle cellene i kroppen vår.

Omega-3 i svangerskap og til foster

Under svangerskapet får barnet omega-3-feittsyrer frå mora. Fosteret vil faktisk ”stele” omega-3 frå mor. I tillegg får barnet i seg omega-3-feittsyrer gjennom morsmjølka, og forsking viser at barn som blir amma, ser ut til å ha betre evne til problemløysing og nokre poeng høgare IQ enn gjennomsnittet.

Omega-3 utviklar hjernecellene

Sølv om vi ikkje produserer fleire hjerneceller etter toårsalderen, veks hjernecellene og utviklar "slyngtrådar" til andre celler, noko som er viktig når ein skal lære noko. Dette er særleg viktig for barn som veks og skal meistre små og store oppgåver både på skulen og heime. Feitt er heilt vesentleg for at cellene skal vekse og utvikle seg. Fiskefeittet – omega-3 – gjer at cellemembranen blir meir elastisk, lettare tek opp næringsstoff og utviklar seg. Det er mellom anna avgrensa utvikling av desse "slyngtrådane" mellom hjernecellene som gjer at vi blir gløymske og får problem med å lære noko nytt når vi blir eldre.

Barn som veks og skal lære mykje, har behov for jamn og god tilførsel av omega-3. Då blir de i stand til å halde konsentrasjonen på topp gjennom heile skuledagen, ta til seg lærdom og bli kloke. Det er det same for oss som er både litt og mykje eldre. Mellom anna veit vi at eldre som et fisk ein gong i veka, har mindre sjanse for å bli demente.

Sjømat er naturen si kjelde til omega-3

Omega-3 kan vi berre ta til oss gjennom maten vi et – kroppen greier ikkje å produsere det sjølv. Derfor er det viktig å syte for at kroppen vår får nok tilførsel av omega-3. Omega-3 finn vi først og fremst i feit fisk som laks, aure, makrell og sild.

Læringsressursar

Energigivande næringsstoff

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter