Hopp til innhald

  1. Home
  2. Restaurant- og matfag Vg1ChevronRight
  3. Kosthald og helseChevronRight
  4. Energigivande næringsstoffChevronRight
  5. KarbohydratChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Karbohydrat

Ei ung dame held eit stort rundstykke framfor seg, som er fylt med salat.

Karbohydrat er den viktigaste energikjelda for størstedelen av befolkninga på jorda. I fattige befolkningsgrupper i utviklingsland kan karbohydrat utgjere opptil 80−90 prosent av energitilførselen, medan denne delen ofte er 50 prosent eller lågare i rike industriland.

Kostfiber og helse

Karbohydrat omfattar mellom anna sukker, stive og kostfiber. Stive og sukker blir lett fordøydde og bidreg med energi. Kostfiber er karbohydrat som ikkje blir fordøydde i tynntarmen, og dei bidreg med lite energi. Kostfiber er derimot gunstig for fordøyinga og kan minske risikoen for overvekt, type 2-diabetes og hjarte- og karsjukdommar. Inntaket av kostfiber er hjå dei fleste vesentleg lågare enn tilrådd.
NRK Skole: Sukkerlykke

Tilrådd inntak av karbohydrat

Inntaket av karbohydrat og kostfiber bør auke samanlikna med dagens nivå, til høvesvis 45−60 prosent av energiinntaket og 25−35 gram kostfiber per dag. Auken bør skje i form av matvarer som er naturleg rike på karbohydrat og fiber, det vil seie kornvarer, poteter, grønsaker og frukt. Grovt brød inneheld 2−3 gonger så mykje kostfiber som kvitt brød. Tilsett sukker bør ikkje bidra med meir enn 10 prosent av energiinntaket.

Fiberkjelder

Dei største kjeldene til kostfiber i norsk gjennomsnittskost er brød og andre kornvarer (47 %), frukt og bær (19 %), grønsaker (19 %) og poteter (13 %).

Tabell. Mengder av matvarer som til saman gir om lag 30 g kostfiber

Matvare

Gram kostfiber

5 skiver grovt brød med 100 % sammale mjøl (200 g) 17
1 porsjon havregryn (40 g) 3,5
3 poteter (210 g) 4
1 gulrot (75 g) 2
1 eple (100 g) 1,5
Totalt Om lag 30

Ulike typar karbohydrat

Karbohydrat er ei samlenemning for ei stor gruppe stoff. Karbohydrata blir klassifiserte i hovudgrupper etter måten dei er bygde opp på: monosakkarid, disakkarid og polysakkarid.

I daglegtale kallar ein mono- og disakkarid for sukkerartar, fordi dei smakar søtt. Polysakkarid består for det meste av stive og kostfiber.

Monosakkarid, eller enkle sukkerartar, er den enklaste forma for karbohydrat og består av éi sukkereining. Vanlege monosakkarid er glukose (druesukker) og fruktose (fruktsukker).

Monosakkarid finst i frukt, bær og honning og enkelte typar grønsaker.

Disakkarid består av to monosakkarid. Vanlege disakkarid er sakkarose (vanleg sukker) og laktose (mjølkesukker). Maltose er det tredje disakkaridet og finst hovudsakleg i øl. Elles finn vi disakkarid i hovudsak i kvitt sukker og mjølk.

Polysakkarid er samansette av mange monosakkarid. Det er vanleg å skilje mellom fordøyelege og ufordøyelege polysakkarid. Stive og glykogen er dei viktigaste fordøyelege
polysakkarida. Polysakkarid som ikkje blir fordøydde i tynntarmen, kallar vi kostfiber. Døme på kostfiber er cellulose og pektin.

Polysakkarid finn ein i grønsaker, korn og kornprodukt.

Læringsressursar

Energigivande næringsstoff