Hopp til innhald

  1. Home
  2. Restaurant- og matfag Vg1ChevronRight
  3. Kosthold og helseChevronRight
  4. Energigivande næringsstoffChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Energigivande næringsstoff

Kokk står ute i en hall og lager mat med fisk og grønnsaker. Foto.

Maten vi et er sett saman av ulike næringsstoff. Desse næringsstoffa er vi heilt avhengige av for å vekse og utvikle oss, og dei er med på å halde ved lag ulike funksjonar i kroppen.

Vi blir heile tida stilt overfor matvareval, og dersom vi berre skal ta omsyn til smakssansane og kva vi har lyst på, kan vi fort bli feilernærte. Kunnskap om innhaldet i maten er viktig for å halde ved lag ei god helse hos seg sjølv og andre.

Kroppen vår treng energi, og det får han gjennom protein, feitt og karbohydrat. Vitamin og mineralstoff gir ikkje energi, men dei er livsviktige for oss og tek saman del i ulike prosessar i kroppen vår.

I dette emnet får du mellom anna kunnskap om kvifor dei ulike næringsstoffa er så viktige for oss, kva for matvarer du finn dei i, og korleis du best mogeleg kan ta vare på dei når du lagar til maten.

Læringsressursar

Energigivande næringsstoff