Hopp til innhald

Restaurant- og matfag

    Servering og drikkevarer

    Servitøren må ha brei kunnskap om alt frå å klargjere restauranten til servering og kunnskap om mat og drikkevarer. Det er viktig at gjesten får ein god harmoni i måltidet, og ei god totaloppleving av oppdekking, servering og service. Drikka må ikkje overdøve maten, og heller ikkje omvendt.

    Service

    Å yte god service er viktig i restaurant- og matfaga. Intern service går til dømes føre seg mellom ein kokk og ein servitør. Ekstern service går til dømes føre seg mellom ein servitør og ein kunde. I dette emnet lærer du om ulike former for service og kvifor service er viktig.