1. Home
  2. Restaurant- og matfag Vg1ChevronRight
  3. Servering og drikkevarerChevronRight
  4. Alkoholfritt ChevronRight
  5. Vatn og mineralvatnChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Vatn og mineralvatn

Brusflasker, vassflasker og glas med brus. Fotokollasj.

Alle serveringsstader som serverer alkohol, må òg ha alkoholfrie alternativ å tilby gjestene. Mange bestiller mineralvatn når dei ønskjer eit alkoholfritt alternativ. Gjestene ventar òg at det finst friskt kaldt vatn tilgjengeleg som tørstedrikk når dei nyt mat eller drikk alkohol.

Vatn dekkjer væskebehovet utan at det inneheld unødvendige kaloriar, og er den aller beste drikken når ein er tørst. Det gjeld både vatn frå springen og vatn på flaske. Vatn er ferskvare og bør drikkast straks etter at det er tappa frå springen, eller rett etter at flaska er opna. Temperaturen på vatnet bør vere 6-8 °C. Ved å servere vatn til vin og kaffi, hjelper vi til med å halde væskebalansen ved lag.

Springvatn

Her i Noreg kan vi drikke vatn rett frå kranen. Krava til drikkevatnet er:

  • at det ikkje inneheld helseskadelege bakteriar
  • at det ikkje inneheld kjemikalium
  • at det ikkje luktar eller smaker
  • at det ikkje skal tære på røyr og installasjonar
  • at temperaturen skal vere mellom 2 og 12 °C
  • at vatnet skal vere klart

Mineralvatn

Mineralvatn kan delast inn i tre grupper:

  • kjeldevatn og naturleg mineralvatn
  • mineralvatn med eller utan kolsyre
  • søta leskedrikk

Naturleg mineralvatn er vatn som kjem frå ei underjordisk kjelde. Vatnet er rikt på mineral og sporstoff og inneheld ikkje helseskadelege bakteriar. Eit eksempel på naturleg norsk mineralvatn er Olden. Kjeldevatn har ikkje så høgt innhald av mineral og sporstoff og skal oppfylle dei same krava som gjeld for drikkevatn. Eit eksempel på kjeldevatn er Imsdal.

Mineralvatn med kolsyre er kjeldevatn, naturleg mineralvatn og drikkevatn som blir tilsett karbondioksid under tapping. Det kan òg tilsetjast ulike smakar av frukt og bær. Eit eksempel på mineralvatn med kolsyre er Farris.

Søta leskedrikk er vatn som er blanda med ein sirup som både set smak og søtar. Søta leskedrikk finst både med sukker og med kunstige søtingsstoff. Eit eksempel på ein søta leskedrikk med sukker er Coca-Cola, og Coca-Cola light er eit eksempel på ein leskedrikk med kunstige søtingsstoff. Det passar ikkje å servere brus til mat fordi sukkerinnhaldet er høgt, og brusen tek merksemda frå smaken på maten.

Læringsressursar

Alkoholfritt

SubjectEmne

Fagstoff