1. Home
  2. Restaurant- og matfag Vg1ChevronRight
  3. Servering og drikkevarerChevronRight
  4. VinChevronRight
  5. Kvitvin, raudvin og rosévinChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Kvitvin, raudvin og rosévin

Vin er gjæra druemost. Vin kan berre kallast vin når han er laga på most av druer. Ein kan lage «vin» / alkoholhaldig drikke av frukt og bær, men då heiter det for eksempel fruktvin eller stikkelsbærvin.

Vinflasker og glass med vin i mot hvit bakgrunn. Foto.

Produksjon av vin

Gjæringsprosessen

Vin blir laga ved at druene blir mosa. Mosten går gjennom ein gjæringsprosess, og det blir danna alkohol. På drueskalet sit det millionar av gjærsoppar, såkalla villgjær. Dersom denne villgjæren blir brukt, får vi ein vin som har ein lågare alkoholprosent, og som lett kan innehalde bakteriar som kan gjere vinen om til eddik. Derfor drep vi villgjæren ved å tilsetje svovel. Deretter blir det tilsett ein reindyrka gjærkultur. Slik kan produsentane styre prosessen og få eit betre produkt.

Det blir danna alkohol når sukker og gjær blir blanda. Det held fram med å danne seg alkohol heilt til sukkeret er oppbrukt. Det er sukkerinnhaldet i drua som avgjer kor høg alkoholprosent vinen får, men på kvitvinar stoppar vi gjæringa når vi har oppnådd ønskt søtleiksgrad. Ein raudvin er aldri søt, og her blir mosten alltid gjæra til alt sukkeret er brukt opp. Kvitvin, raudvin og rosévin blir laga på ulike måtar.

Kvitvinsproduksjon

Ved produksjon av kvitvin kan ein bruke både raude og kvite druer. Fargen sit i skalet og dersom ein bruker raude druer i kvitvinsproduksjon, blir druene pressa forsiktig, og skalet blir skilt frå mosten før skalet rekk å avgi farge. Alle druer som blir brukt til vinproduksjon, blir handsama skånsamt på veg til presshusa.

  1. Drueklasane blir helte på eit band eller i ei sjakt og blir pressa slik at druene blir knuste. På denne måten blir mosten skild frå skalet, stilkane og steinane.
  2. Mosten blir helt på store gjæringstankar. Svovel blir tilsett for å drepe villgjæren. Så tilset ein vingjær som er tilpassa den enkelte druetypen. Gjæringa startar.
  3. Gjæringa stoppar naturleg når alt sukkeret er brukt opp. Vi har då fått ein tørr vin. Dersom ein ønskjer ein søtare vin, stoppar ein gjæringa når ein har oppnådd ønskt søtleiksgrad, ved å tilsetje svovel.
  4. Gjæren har no falt til botnen av gjæringskaret, og vinen må stikkast om. Det vil seie at ein pumpar vinen over i ein ny tank, slik at botnfallet blir att.
  5. Vinen blir lagra vidare på tank eller fat.
  6. Vinen blir klara.
  7. Vinen blir filtrert.

Dei fleste kvitvinar blir tappa direkte på flaske etter klaring og filtrering.

Raudvinsproduksjon

  1. Stilkane blir fjerna.
  2. Druene blir knuste.
  3. Alt blir helt i gjæringskara. Skal og steinar er med i mosten under gjæring av raudvin. Dette er for å setje farge på og oppnå tannin i vinen.
  4. Villgjæren blir drepen med svovel, eigna gjær blir tilsett, og gjæringa startar.
  5. Når gjæringa er ferdig, blir skalet og daude gjærsoppar fjerna.
  6. Vin som renn fritt frå massen, blir helt i eigne lagringstankar.
  7. Deretter blir resten av massen pressa, og vi får pressvin, som inneheld meir garvestoff og farge. Denne blir lagra for seg.
  8. Vinen blir klara, blir tilsett mjølkesyrebakteriar og filtrert.
  9. Vinen blir lagra vidare på eikefat eller i ståltankar.
  10. Når vinen er ferdig lagra, blir han helt på flasker for vidare lagring før han blir seld. Ein raudvin er alltid ei blanding av den vinen som renn fritt frå mosten, og pressvinane.

Læringsressursar

Vin

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter