1. Home
  2. Restaurant- og matfag Vg1ChevronRight
  3. Servering og drikkevarerChevronRight
  4. VinChevronRight
  5. VinChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Vin

Her får du ei kort innføring i vinens historie samt informasjon om kva drua består av, og dei ulike typane vin.

En flaske rødvin foran en vingård. Foto.

Historie

Vin er eit produkt framstilt av gjæra druesaft. Vindrua kjem frå planta Vitis vinifera, som har vekse fritt i Europa og Midtausten i fleire tusenår. Det heile starta i Lilleasia, dagens Tyrkia, for over 8000 år sidan. Kunsten å lage vin oppstod truleg ved eit reint slumpetreff. Den første vinen kan ha blitt til ved at innhausta druer blei gløymde og begynte å rotne, slik at skalet sprakk og gjæringa starta.

Ein meinte at rusen som kom av å drikke vin, var ein tilstand der ein fekk kontakt med gudane. Vindrikking hang ofte saman med religiøse høve. I Det gamle testamentet blir vin nemnt fleire stader. Noko av det første Noah gjorde etter at han steig ut av arka, var å dyrke ei vinmark. Også egyptarane skal ha dyrka vin. I grava til Tut-ankh-Amon blei det funne 40 vinkrukker.

Drua

Ei drue består av drueskal, fruktkjøt og druesteinar.

Skalet på vindruene er seigare enn skalet på borddruene. Det er så mykje seigare at du automatisk spyttar det ut om du forsyner deg rett frå ei vinranke. Druene finst i ulike blånyansar som kan gå over mot det raudblå, eller i grønnyansar som kan gå over mot gult og kvitt. I skalet finst det òg ein del garvestoff som vi kallar tannin. Det er berre skalet (som inneheld fargestoff) som kan gi vinen farge. Utanpå drueskalet sit det naturleg gjærsopp, og alkoholgjæringa startar av seg sjølv når denne soppen kjem i kontakt med druesafta.

Innanfor skalet sit fruktkjøtet, som er rikt på vatn og druesukker. Det inneheld cirka 200 g druesukker per liter druesaft.

Druesteinane inneheld garvestoff som er svært viktige i produksjonen av raudvin. Uttrekk frå steinane er med på å gi vinen karakter og har ein konserverande effekt. Kvitvin blir laga utan å trekkje ut garvestoff.

Hovudtypane vin

Vi deler inn vin i sterkvin og vanleg vin. Portvin, madeira og sherry er eksempel på sterkvin, mens raudvin, kvitvin og rosévin er eksempel på vanleg vin. Fruktvin blir laga av anna frukt enn druer, og musserande vin er vin som inneheld kolsyre.

Minioppgåve – smak på dei ulike delane av drua

For at du lettare skal forstå dei ulike smakane til vinen, kan det vere lurt å dele ei drue i to og smake på både skalet, steinane, stilken og fruktkjøtet.

  • Skal: farge og bitterheit.
  • Steinar: bitre oljar.
  • Stilk: garvestoff og sterk bitterheit.
  • Fruktkjøt: søtleik.
grafisk framstilling av vinproduksjon både rød og hvit
Produksjon av vin

Læringsressursar

Vin

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter