1. Home
  2. Restaurant- og matfag Vg1ChevronRight
  3. Servering og drikkevarerChevronRight
  4. KaffiChevronRight
  5. Oppbevar kaffien på rett måte ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Oppbevar kaffien på rett måte

Kaffien held seg best i den emballasjen du kjøper han i. Brend kaffi er ei ferskvare, og det er viktig å beskytte den brende kaffien mot kontakt med luft!

Kaffi pakka i posar. Foto.

Derfor er nesten all kaffi som blir omsett i Noreg, pakka i "langtidsposar", der lufta er trekt ut og erstatta med kolsyre eller nitrogen. Pakken er som ein halvvegs oppblåsen ballong – og mottrykket i posen viser at pakken er tett.

Du kan sjølv kontrollere kor lenge kaffien held seg ved å sjå på stemplingsdatoen.

Ein opna pakning med malen kaffi bør brukast innan 4–5 dagar. Heile bønner kan lagrast i ei dryg veke.

Dess meir luft kaffien kjem i kontakt med, dess raskare tapar han aromaen. Derfor bør du oppbevare kaffien i originalemballasjen utan å helle han over i noko anna – også etter at han er opna. Legg du pakningen i ein boks med tett lok, er du på den sikre sida.

I enkelte forretningar kan du få kjøpt kaffi i laus vekt – anten i heile bønner eller malen i forretninga. Denne kaffien bør du bruke så raskt som mogeleg, sidan han allereie har vore eksponert for luft før du kjøper han. Alle snakkar om nymalen kaffi, men det viktigaste er at han er nybrend! Vårt tips er at du alltid spør om når kaffien blei brend.

Oppbevar kaffien på rett måte

Under brenninga blir det danna eit overtrykk av karbondioksid (kolsyre) i bønnene. Overtrykket blir utlikna allereie etter 5–6 timar dersom ikkje kaffien blir emballert, og etter ein vekes tid er kaffien merkbart mindre fersk. Grunnprinsippet for å oppbevare kaffi er at han bør komme i minst mogeleg kontakt med luft for å unngå at han harskar og tapar smak og aroma. Kaffien bør derfor alltid oppbevarast lengst mogeleg i originalemballasjen.

Det aller meste av kaffien som blir omsett i Noreg, er pakka i posar der lufta er trekt ut og erstatta med kolsyre eller nitrogengass (MAP: modifisert atmosfære-pakking). Pakken ser ut som ein halvvegs oppblåsen ballong og er heilt tett. Noko kaffi blir òg selt i hermetiske boksar eller hardvakuumpakkar. Salet av heile kaffibønner aukar i Noreg. Dei blir brukte i spesielle heilautomatiske maskiner og av serveringsstader som helst vil kverne kaffien sjølv. Bønnene blir leverte i lufttett folie med einvegsventil som slepp ut overflødig gass frå kaffibønnene. Noko kaffi blir pakka i papirposar, men denne kaffien toler svært lite langring.

Ein opna pose bør brukast raskt

Kaffien kan trekkje til seg smak og lukt frå andre matvarer. Er lufta varm og fuktig, skjer nedbrytinga raskare. Derfor er det viktig at du lagrar kaffien på rett måte og ikkje opnar fleire posar enn det du skal bruke med det same. For storhushald finst det porsjonspakkar. Dette gjer at kaffien held seg best mogeleg heilt fram til du skal bruke han.

Uopna kaffi bør lagrast tørt og kjølig. Lagringstida varierer med emballasjeforma og produksjonsdatoen. Det skal vere stempla ein "best før"-dato på all kaffi.

Læringsressursar

Kaffi

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter